Diskusjon:Aske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dei fleste som leitar etter «Aske» meiner nok oske, så det er nok mest fornuftig med ei omdirigering, slik det var opphavleg. Eller ei fleirtydingsside. --Sigmundg 11. juni 2011 kl. 14:17 (CEST)

Eg er personleg mykje skeptisk til at ord på andre skriftmål skal tvinga fram fleirtydingssider, eller heller skal omdirigera ei sida heller enn å lata henne handla om det som no faktisk er rett å skriva på nynorsk (slik som «Aske» når det er eit namn). Eg er til og med skeptisk til meldinga som ligg øvst i artikkelen no; dette er er nn-wp, ikkje nb-wp. Njardarlogar 11. juni 2011 kl. 15:26 (CEST)
I ei ideell verd ville alle vera gode i nynorsk rettskriving, men det finst mange nynorskbrukarar i Noreg som er svært ustøe i nynorsk rettskriving (dei fleste avisene er på bjønsondansk) og som skriv inn bokmålsord i søkefeltet. Når dei ikkje finn artikkelen dei søkjer etter endar dei opp med å nytta WP på bokmål. Grunnen til at eg foreslo ei fleirtydingsside var at eg trur at det er mange fleire som leitar etter oske enn ein etter måten obskur musikktype. Vi får høyra kva andre meiner. --Sigmundg 11. juni 2011 kl. 15:39 (CEST)
Det viktigaste er at folk finn fram til det dei leiter etter. «Aske» er nok noko fleire ville finna på å skriva om dei leiter etter oske, så det bør det peikast til på eit eller anna vis, gjerne med mal:om. Viss dette (album og oske) er dei to einaste tydingane av ordet trengst ikkje eiga fleirtydingsside. --Ranveig 11. juni 2011 kl. 16:20 (CEST)