Diskusjon:Biologisk systematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bruk av norsk alfabet[endre wikiteksten]

Vitskaplege namn er internasjonale, då er det vel rett å nytta «ae» og ikkje «æ», til dømes Felidae? Magnefl 18. januar 2010 kl. 20:28 (CET)

Ja. Rett i veg. --Ranveig 18. januar 2010 kl. 22:29 (CET)
Finnest det en robot som kan gjera desse endringane frå æ til ae, eller må det gjerast manuelt? Magnefl 19. januar 2010 kl. 15:00 (CET)
Det spørs om det lar seg gjere. Botar kan vel endre spesifikke ord greit, men ein tar vel samstundes med vanlige ord der ei slik endring vert feil. Æ er nok ikkje den mest nytta bokstaven i alfabetet vårt, men likevel. Trur det kan gjere større skade enn nytte, men det er mogeleg eg tar feil. --Frokor 19. januar 2010 kl. 15:28 (CET)
Kanskje har eg bidratt med flest innslag av endinga –dæ i fuglefamilienamn. Det har skjedd for å følgje det eg trudde var konsensus for her utan at eg veit om –dæ er meir rett enn -dae. Eg meinte det fanst ei diskusjonsside om det her ein plass, men finn ikkje sida no. Argument for å bruke –dæ var at det var ei opphavleg skriveform om eg hugsar rett. Det er ikkje vanskeleg å finne skrifteksempel med –dæ, kan vere alle skrifteksempel er gamle. Her er ei side frå Auk, april 1912. Skal tru om bokstaven æ vart ofra av reint typografiske grunnar? Vi skal sjølvsagt vere eit moderne leksikon, og viss fagekspertisen seier at –dæ ikkje er brukanes bør vi bytte praksis. Eg trur ikkje det er umulig å endre med ein bot av typen BepBot, men det kan sikkert eigaren gje råd om. --Roar 19. januar 2010 kl. 18:38 (CET)

Engelsk Wikipedia som kjelde[endre wikiteksten]

Ser her at engelsk Wikipedia er brukt som kjelde. Er det vanlig her? Det kan jo bli et problem om ein får t.d. ein engelsk artikkel som bruker tysk Wikipedia som kjelde, den tyske bruker norsk, og den norske bruker engelsk. Burde det i så fall rettast? 46.67.22.97 15. september 2014 kl. 00:13 (CEST)

Det er ganske vanleg å omsetja artiklar frå andre wikiar, og då bør ein gje melding om dette slik at informasjonen kan sporast og me unngår den runddansen du skildrer. Men Wikipedia kan ikkje vera sjølvstendig kjelde, så ein bør også få med kva kjelder dei andre wikiane oppgjev at dei har brukt. I denne artikkelen burde det nok vera tydelegare korleis ein annan Wikipedia er brukt, og korleis dei andre kjeldene som er nemnd er brukt. -- Ranveig (diskusjon) 15. september 2014 kl. 10:27 (CEST)