Diskusjon:Boknafjorden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg lurer litt på kilometertala som er oppgitt under avsnittet Lengd. Denne setninga er henta frå snl.no: Boknafjordens største lengde, 96 km, er regnet langs Sandsfjorden/Hylsfjorden. Denne artikkelen oppgir større lengd (98 km) på denne strekninga, men også at strekket inn Lysefjorden i Ryfylke er lenger (103 km). Koss kan dette ha seg? Martin NH 24. august 2012 kl. 02:15 (CEST)[svar]

I tillegg ser det ut til å vera uvisse kring Lysefjorden: Denne artikkelen oppgir 39 km, medan sida om Lysefjorden i Ryfylke oppgir 42 km etter snl.no. Bokmålswikipedia operer på si side med 38,66 km. Martin NH 24. august 2012 kl. 02:23 (CEST)[svar]

Om snl.no er like låk når det gjeld geografi som teknologi (der ho er elendig) ville eg ikkje nytta ho som kjelde. --Sigmundg (diskusjon) 24. august 2012 kl. 02:41 (CEST)[svar]
Det får så vera, men eg har nå alltid lært at Lysefjorden er 42 km i alle fall. Ser at enkelte sider også opererer med 40 km. Så eg veit ikkje eg. Når det gjeld Boknafjorden oppgir forøvrig bokmålswikipedia at Målt fra Imsen/Jarstein til Tengesdal er fjorden 94 km lang, men Tengesdal er jo slett ikkje fjordbotnen i Hylsfjorden. Martin NH 24. august 2012 kl. 02:50 (CEST)[svar]
Lysefjorden er ein av dei enklare fjordane å måle med eit klårt startpunkt ytst i fjorden (mellom Oanes og Forsand) og eit klårt endepunkt i Lysebotn. Eg følgde midtlinja langs fjorden med måleverktøyet i Google Earth og kom fram til 38,64 km. Eg trur eg gjorde dette tidlegare når eg skreiv artikkelen, men runda opp til 39 km. 38,66 km verkar å vere for høg nøyaktigheit med omsyn på målefeil osv. At det kan vere nokre hundre meter feilmargin kan eg gå med på, men det skal vanskeleg la seg gjere å få fjorden 3 km lenger. Sjølv når eg måler meir langs fjordsida (fleire svingar = større lengd) så kjem eg ikkje over 40 km.
Når det gjeld heile Boknafjorden er det meir komplisert på grunn av alle øyane og alle sidefjordane, særleg på sørsida av fjorden. Ser artikkelen (som eg skreiv) nyttar Mastrafjorden som utgangspunkt for lengda inn til botn av Lysefjorden. Kan ikkje hugse kvifor, men det hadde nok vore meir rett å tatt ruta gjennom Byfjorden og Kvitsøyfjorden, sidan denne er noko kortare (trur eg, har ikkje målt). Den totale lengda kjem altså an på kva rute ein vel, men bør vere kortaste veg langs midtlinja av fjorden til den fjordbotnen som ligg lengst unna utløpet. --Frokor (diskusjon) 24. august 2012 kl. 05:02 (CEST)[svar]