Diskusjon:Bokstaven kjell

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Framlegg eller noko anna?[endre wikiteksten]

Er dette verkjeleg eit framlegg (ikkje berre moro), og i tilfelle kven er det eit framlegg til? Sjåarane av Typisk norsk, det norske folk, eller? Svara på desse spørsmåla tykkjer eg har ein del å seie for korleis ein skriv artikkelen. --Guttorm 18. mar 2005 kl. 1337 (UTC)

Eg tek framlegget på alvor, og det spelar i grunnen inga rolle om det opprinneleg var sagt på spøk, dersom idéen får nok tilhengjarar.
Guttorm spør kven som er publikum, og viss framlegget er seriøst meint, må det jo vera retta mot alle som skriv på norsk.
--Verdlanco (diskusjon) 21. mar 2005 kl. 1829 (UTC)
Typisk norsk er eit godt program. Eg oppfattar alle forslag frå desse som seriøse, om enn med glimt i auga. All fornying av språket må kome ein stad frå; dette kan (ein veit jo ikkje) vere eit døme på at media kan framskunde ei fornying. --Bep 21. mar 2005 kl. 1902 (UTC)
Slik eg såg programmet var dette ei humoristisk vinkling på ei alvorleg sak. Dette er ikkje etablert kunnskap i encyklopedisk forstand. Viss denne artikkelen skal få stå, må kjelde og kontekst koma tydeleg fram. --Eddi (Snakk) 23. mar 2005 kl. 0148 (UTC)
No har eg omskrive artikkelen både her og på en: så den humoristiske vinklinga er tydeleg. Det kan henda eg tok det litt langt (t.d. å kategorisera kjell som humor), men i så fall kan me sikkert finna ein middelveg. --Eddi (Snakk) 5. apr 2005 kl. 2135 (UTC)
Eg tykkjer Eddi si omskriving er veldig bra, både den norske og den engelske!
--Verdlanco\diskusjon 6. apr 2005 kl. 1351 (UTC)

Opphavsrett til biletet, til bruk på commons[endre wikiteksten]

Biletet av Kjell har vore etterspurt på en:, så eg tenkte eg skulle leggja det på commons. Men kva for opphavsrett skal setjast på biletet der? Det blir garantert sletta innan dagen er omme viss det ikkje har nokon merkelapp. --Eddi (Snakk) 3. august 2005 kl. 22:38 (UTC)

«Kjell» er avleidd av bokstaven k som er i det fri. Derfor er dette òg (mest truleg) public domain. -- Ranveig 3. august 2005 kl. 23:01 (UTC)
Bokstaven kjell er utforma av eit privat firma i 2005 (rett nok på oppdrag frå NRK), og eg tenkte kanskje det var andre restriksjonar på dette biletet enn på ein tilfeldig bokstav frå ørtenhundreogdentid. For alle tilfellers skuld har eg konsultert Verdlanco, som var den som lasta opp biletet. --Eddi (Snakk) 4. august 2005 kl. 23:57 (UTC)
Ja, viss dei hadde teke bildet rett ut av lufta ville dei hatt alle rettar til det. Men nå har dei bygd vidare på noko som er fritt, dermed kan dei ikkje hevda opphavsrett. Det er på same måte som ein ikkje kan bruka eit verna bilde til å laga sitt eige andsverk. Av og til verker denne rare lovgjevinga til vår fordel, òg! -- Ranveig 5. august 2005 kl. 09:46 (UTC)
Sjølvsagt kan ein hevda opphavsrett sjølv om ein har bygd vidare på noko som er fritt, om ein har laga eit nytt verk. Og ein kan bruka eit verna bilde til å laga eit eige andsverk (Andsverkslova §4). Om bokstaven kjell kan reknast som eit verk, er ei anna sak; det er berre to samansette bokstavar. Cnyborg 14. aug. 2005 kl. 23:09 (UTC)
Eg hugsar ikkje lenger korleis eg laga "min" kjell; kanskje eg klipte han ut frå ein skjermdump av heimesida til Typisk norsk. Uansett er det jo ein enkel figur, og det burde vera ei smal sak (for ein med rette programvaren) å teikna han på nytt for å unngå all kopieringskrangel. Eller kanskje han allereie finst i ein TrueType-skrift?
--Verdlanco\ordskifte 14. august 2005 kl. 10:49 (UTC)
Biletet var førebels merka som GFDL på commons, men er no merka som PD. Det kan gjerne endrast viss nokon kjem på noko betre. --Eddi (Snakk) 14. august 2005 kl. 20:46 (UTC)

Eg har lagt inn informasjon om kjelde (skjermbilde frå «Typisk norsk» teke av Verdlanco) og fråver av kopirett (ligasjon av k og j) på commons:image:Kjell.gif. --Eddi (Snakk) 26. sep. 2005 kl. 13:15 (UTC)

Daud lenkje[endre wikiteksten]

Den daude lenkja er no erstatta av ei oppdatert lenkje til Typisk norsk-programmet om bokstaven Kjell. Lars Ola Eide 25. september 2009 kl. 00:12 (CEST)[svar]