Diskusjon:Claudio Langes

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korleis kan ein køyre i eit løp ein ikke er ikvalifisert for? --Ekko 08:57, 26 juli 2007 (CEST)

Ein kan ikkje, men eit Grand Prix løp består og av kvalifiseringa (som for tida vert held dagen før) --Anders 11:21, 26 juli 2007 (CEST)
Kanskje ei formulering som «utan å gå vidare frå kvalifiseringsrunden» er dekkjande, og forståeleg for folk som ikkje veit noko om motorsport? --Ekko 12:08, 26 juli 2007 (CEST)
tja, det ville då eigentleg verte 14 kvalifiseringsrundar, går det å seie "Utan å kvalifisere seg for nokon av løpa"?Er berre bra du spør. Får håpe artiklane om motorsport og formel 1 vert utvida etterkvart. --Anders 12:53, 26 juli 2007 (CEST)
Ja, var det ikkje 14 kvalifiseringsrundar det var snakk om? Eit for kvart løp? --Ekko 17:00, 26 juli 2007 (CEST)
Og firmaet det er snakk om er vel produsenten av bilen, ikkje konstruktøren (teiknaren). Her er det vel truleg ei feil omsetting av det engelske construct? --Ekko 14. desember 2008 kl. 10:40 (CET)[svar]
Konstruktøren er laget som designar (teiknar om du vil) chassis, vidareutviklar og set saman bilane med dekk og motor frå slike produsentar, og konkurerer så med desse. Mange av laga som konkurerer i formel-1 er bilprodusentar i det daglege, men ikkje naødvendigvis. Konstruktør er difor rett omsettjing. Ein snakkar jo td om førarmeisterskapet og konstruktørmeisterskapet [1]. Anders 14. desember 2008 kl. 16:45 (CET)[svar]
Ein konstruktør er ein person, jfr. nynorskordboka: konstruktør m1 (frå fr) person som konstruerer, teiknar utkast til noko. Og her er det vel snakk om eit lag eller ein bedrift som gjekk konkurs? --Ekko 14. desember 2008 kl. 17:00 (CET)[svar]
Og sportsjournalistars norsk-kunnskapar bør ikkje vera rettningsgivande. --Ekko 14. desember 2008 kl. 17:02 (CET)[svar]
Det er mogleg at norske sportsjournalistar, motorsport-entuiastar og bilutviklarar[2]har dårlege norsk-kunnskapar, men det er no det begrepet ein nyttar i/om sporten. Produsent vert feil og stall går meir på førarane.Anders 14. desember 2008 kl. 17:51 (CET)[svar]

Eg trur Ekko har rett i at det er 14 kvalifiseringsrundar det er snakk om. Elles forstår eg ikkje kvifor produsent kan brukast, det vert då brukt om vanlege bilar. Det vert då rart om ein må bruke to ulike ord for dei som har laga ein privatbil og ein formel 1-bil. --EIRIK\diskusjon 14. desember 2008 kl. 18:02 (CET)[svar]

Det er då ikkje akkurat vanleg bilproduksjon det er snakk om, men privateigde lag som kunkurrerer på linje med lag eigd av store fabrikantar om å konstruere den raskaste bilen, ikkje masseprodusere dei. Skal me snakke om produksjonsmeisterskapet, bør det vere noko som heiter produksjonsmeisterskapet, ellers lagar me ord. Det skal me ikkje. Andre alternativhar enn konstruktørar har eg ikkje høyrt om.
Det er rett med 14 kvalifiseringsrundar Langes deltok i, eit for kvart løp. Eg har no presisert at det er løpa han ikkje kvalifiserte til, men gløymde å nemne det.Anders 14. desember 2008 kl. 18:40 (CET)[svar]
Men om ein innan denne sporten nyttar eit ord på ein annan måte enn i resten av samfunnet trur eg du bør skrive ein liten artikkel med kjelder, og definere ordet. --Ekko 14. desember 2008 kl. 19:33 (CET)[svar]
Elles er det no ikkje nokon meining i å setta konstruksjon og masseproduksjon opp mot kvarandre, i vanleg språkbruk er det to ulike verksemder. Konstruksjon inneber berekningar, utteikning osb., produksjon er å setta dette ut i livet. Og i vanleg språkbruk heiter det produksjon anten ein lagar ein einaste bil eller tre millionar. Det er ikkje mi meining å terpe mykje på dette, men når me nyttar omgrep på ein annan måte enn det ålmenta gjer bør me nok vera klåre på kva orda tyder i denne samanhangen. Som det står no vil folk flest tru at denne Eurobrun er ein person, og artikkelen blir då noko underleg. (Kvifor fekk det noko å seie at han som hadde teikna bilen gjekk konkurs? Bruar vert bygd sjølv om arkitekten går konkurs.) --Ekko 14. desember 2008 kl. 20:57 (CET)[svar]