Diskusjon:Den russisk-ortodokse kyrkja

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foreslår å flytta attende til den russisk-ortodokse kyrkja[endre wikiteksten]

Eg foreslår på det sterkaste (er det eit uttrykk?) å flytta artikkelen attende til den russisk-ortodokse kyrkja. Om eg ville lesa ein artikkel om den russisk-ortodokse kyrkja, som er det ho blir kalla i daglegtale, så ville eg søkja på den russisk-ortodokse kyrkja. Ser òg at det er den alle andre wikipediar, utanom finsk, har gjort. Moskvas og heile Russlands patriarkat er ikkje eit uttrykk i norsk daglegtale, men det er den russisk-ortodokse kyrkja. Ellers kjempeflott at ho får ein artikkel! :-)--Barend 10:48, 9 april 2007 (CEST)

Einig i ros og flytting. Me bør bruka omgrep som er forståelege for folk flest. --Ranveig 12:00, 9 april 2007 (CEST)
Det er eg som har vore inne på fi. og henta mal og namnebruk, kopierte og omsette, rett og slett. Den offiselle sida til kyrkja vi snakkar om er http://www.mospat.ru/, med tittel Русская Православная Церковь — официальный сайт московского патриархата. Så det ser ut til at dei er i same klemma som oss («det heiter eigentleg Moskvas patriarkat, men folk kallar det den russiske ortodokse kyrkja» (russisk-ortodokse, russiske ortodokse?). Så greitt nok, for meg kan vi flytte attende. Trondtr 12:51, 9 april 2007 (CEST).
Om du søker på den gresk-ortodokse kyrkja eller den russisk-ortodokse kyrkja vert du omdirigert, det er ikkje verre. Eg er samd i prinsippet om å bruke namn og nemningar som folk kjenner att. Men det er fare for å trå feil då. På den norskspråklege heimesida brukar dei to namn: Den Russiske Ortodokse Kirke i Norge Moskvapatriarkatet. Men samstundes har vi ei ortodoks kyrkje til, starta av russiske emigrantar etter oktoberrevolusjoen, på heimesida skriv dei:
Helt siden grunnleggelsen har menigheten vært underordnet erkebiskopen for russiske menigheter i Vest-Europa med sentrum i Paris, som igjen er en del av det Økumeniske Patriarkat i Konstantinopel. Eg trur det er tryggast å bruke patriarkata som nemningar. Men kanskje vi kan spørje Johnsegardsakademiet, dei skulle forstå språket vårt. -Knut 16:31, 9 april 2007 (CEST)
Eg fekk aldri svar på spørsmålet eg stilte Johnsegardsakademiet. Det kan vere kveps i bolet, men eg er ikkje av dei, så om dei som tok til ords for flytting flyttar attende til den russisk-ortodokse kyrkja, er det ikkje meg i mot. - Knut 21:39, 9 februar 2008 (CET)

Motsetnad mellom denne artikkelen og Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel[endre wikiteksten]

Så vidt eg kan sjå er det ikkje samsvar mellom denne artikkelen og artikkelen Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel når det gjeld situasjonen i Noreg. Nokon som veit? stykkjet 08:41, 10 februar 2008 (CET)

Kan du seie noko meir konkret om kor det skurrar? Dersom du sikter til det faktum at vi i Noreg har tre ortodokse kyrkjelyder underlagde Moskvapatriarkatet, og ein ortodoks kyrkjelyd underlagd Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel, så er det i samsvar med nettlenkjene det er vist til.- Knut 10:18, 10 februar 2008 (CET)
At det er slik er det ikkje lett å forstå. I denne står nemnt 3 kyrkjer, i den andre 4. Så vidt eg kan skjønne er alle underlagt den russisk-ortodokse biskopen i Paris, som igjen er underlagt Det økumeniske patriarkat. stykkjet 19:51, 10 februar 2008 (CET)
Eg har skrive om, for å gjere det klårare. Men merk at ein kyrkjelyd godt kan eige eller bruke fleire kyrkjer, og at ein annan kyrkjelyd kanskje ikkje eig noka kyrkje i det heile tatt. Ein kyrkjelyd eller eit sokn er ei juridisk eining. - Knut 20:49, 10 februar 2008 (CET)