Diskusjon:Eirik Ivarsson

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nedla vørdnaden sin?[endre wikiteksten]

«da han nedla sin verdighet» er omsett til «då han nedla vørdnaden sin». Dette var veldig uvand språkføring for meg, både på bokmål og nynorsk, er dette vanleg måte å seie at ein katolsk bisp har pensjonert seg, eller kva det no er som skal seiast? --Jorunn 7. desember 2009 kl. 20:29 (CET)[svar]

Det er sikkert gjengs språkbruk blant katolske biskopar, men vi skriv leksikon for arbeidsfolk og skuleelevar. Eg strauk all vørdnaden.--Knut 7. desember 2009 kl. 22:55 (CET)[svar]
Endring er rette medisin, hugs at det er eit maskinomsetjingssystem som har gjeve oss utgangsteksten. Trondtr 8. desember 2009 kl. 09:51 (CET).[svar]
Somt rart kjem frå utgangsteksten. --Jorunn 8. desember 2009 kl. 12:24 (CET)[svar]