Diskusjon:Emil Boyson

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spirediskusjon:

Eg ser at det i kjølvatnet av ein sprintaksjon kjem inn ein masse éinlinja spirer. Vel og bra for å få opp artikkeltalet, men eg meiner det går utover kvaliteten på nn.wikipedia.

Mitt inntrykk er at det er lettare å ta fatt på ein ny artikkel enn å ta tak i spirer som andre har byrja. Spirer har ein tendens å forbli spirer - lenge. --Bep 14. mar 2005 kl. 1837 (UTC)

Ja, eg trur vi bør prøve å halde oss over eit par liner i det minste — til og med for spirane! No er rettnok Caplex med sine 65 000 eller så artiklar i stor grad basert på éinlinarar, men vi har da større ambisjonar enn dét, ikkje sant -- Olve 14. mar 2005 kl. 1846 (UTC)

Eg kan verkjeleg ikkje sjå korleis det kan vera vansklegare å forsettja på ein artikkel på ei line, i staden for å fortsettja med ingenting. Dersom det er vanskeleg å fortsettja på liten artikkel må det jo vera pga. at noko fakta ikkje passar inn i den nye eller....? Eg tykkjer også at dei minste spirene er betre enn ingenting og på ingen måte dreg ned kvaliteten på nn.wikipedia, leksikonet er under utvikling heile tida og det vil alltid vera varierande kvalitet på artiklane. --Guttorm 14. mar 2005 kl. 1912 (UTC)
Nei, det eg meiner er at ein trelinar (i motsetnad til 1-linarane) kan bli ståande lenge utan at dette er for ille. Skriv gjerne spirer. Skriv gjerne ein heil åker av dei! Men gjer spirene helst store nok til at dei greier seg på eigenhand ei stund. -- Olve 14. mar 2005 kl. 1920 (UTC)
Det var helst Bep sin kommentar eg reagerte på, det er klart at 3-liner klarar seg betre enn ei line, men ei line er framleis betre enn ingen. Men no har eg ikkje tid til meir linedansing, eg må ut og så! :-) --Guttorm 14. mar 2005 kl. 1925 (UTC)
Denne sida er vel sikkert bra til å knekke korte spirer frå... --Kristian André 14. mar 2005 kl. 1958 (UTC)