Diskusjon:Epiphone

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For meg er ikkje dette «særs perifert stoff». Ikkje noko eg brenn så mykje for heller for den saks skuld. Er det eit argument for å ha ein artikkel her, at nokon skal brenne for det? Kvifor artikkelen ikkje kan få ligge her i fred skjønar eg ikkje, den gjev trass alt noko informasjon. Så vidt eg veit har me ikkje plassproblem her, og for min eigen del finns det mange andre artiklar som er langt meir perifere enn denne, som det ikkje er sett slettemerke på (men som eg ikkje heller meiner bør slettast). Sletting: Imot Imot --Frokor 18:50, 14 januar 2007 (CET)

Når eg kom med framlegg om sletting tenkte eg: Nokon har lagt inn ei (stutt) line om dette, og sidan ikkje gjort noko. Emnet er berre for spesielt interesserte (ein gitarprodusent som forsvann i 1950, namnet lev som varemerke for ein annan produsent). Ingen god artikkel om dette på noko språk eg kan, difor gjer ikkje eg noko med dette. Og då synes eg haldninga mi er temmeleg grei: anten gjer nokon noko med dette no, eller så tar me denne lina bort. Men no som du er mot får me vel la han stå. --Ekko 19:03, 14 januar 2007 (CET)