Diskusjon:Esther Maria Bjørneboe

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artiklar som reklame, døme Esther Maria Bjørneboe[endre wikiteksten]

(Kopiert frå Samfunnshuset)

Eg må seie at eg blir litt provosert av slikt som dette. Ei dårleg spire om ein særs perifer person kor den som har skrive ho ventar at nokon andre skal gjera jobben og gjera nynorsk av elendet. Kva gjer me med slikt? Lar det stå til spott og spe? --Ekko 31. mars 2006 kl. 22:14 (UTC)

{{Slett}}! (Finst det ikkje {{snøggslett}} her?) --Eddi (Snakk) 31. mars 2006 kl. 22:47 (UTC)
Tja, men ho kryp kanskje så vidt over terskelen for kva som bør med? Men å gjera ulønna reklamearbeide for ho..?--Ekko 31. mars 2006 kl. 23:02 (UTC)
Akk og ve! No har nokon utvida artikkelen så eg ikkje får brukt den nye malen {{slettfordi}}. ;) --Eddi (Snakk) 1. april 2006 kl. 00:35 (UTC)
Nokon var meg, som tenkte meir på prinsippet «frå tull til artikkel» enn på kor perifer personen var (ho hadde ikkje artikkel på nb, ser eg, som eg hadde trudd då eg utvida artikkelen). No veit eg ikkje om den dårlege spira som eg retta på var meint som reklame, eg trur faktisk ikkje det, der syns eg vi har eit større problem med visse marginale (kultur)politiske mikrorørsler av ulike slag, som ser det landets Samla Korps av Informasjonskonsulentar enno ikkje har fatta, at Wikipedia er ein viktig arena (ein dag vil dei profesjonelle Informasjonskonsulentane også forstå det, og vi vil verkeleg få sjå at dei amerikanske kongressmedlemmane vil få følgje inn i Wikipedia sitt forfattarlaug). Men eg skal ikkje protestere på sletting av denne artikkelen, så berre gå i gang. Trondtr 1. april 2006 kl. 01:15 (UTC).
Kanskje er denne artikkelen i grenselandet. Men eg er usamd i sletting. Det er mange andre som og må slettast då. Ut frå det som står i artikkelen (avisteiknar i Dagbladet og klassekampen) kan dette godt stå. stykkjet 11:58, 23 august 2006 (UTC)
Eg tenkte ho kan stå. Men dersom du ser på redigeringshistorikken er ho eit godt døme på korleis me til tider blir misbrukt med dårlege bokmålsspirer om perifere personar/fenomen. --Ekko 14:49, 23 august 2006 (UTC)
Ja, det er irriterande. Når ein finn desse vert ein nesten like glad som når ein står midt i ei ruke. Folk set til og med namnet sitt på ruka!
Men emnet har leksikonhøgd.
Skikken her på nn har vore å slette lite, særleg i forhald til på nb. Her har det heller vore satsa på å lage noko brukeleg av vas heller enn å slette heile artikkelen. At noko er stutt er heller ikkje ein grunn til sletting her, slik det verkar å vere på nb. Har emnet leksikonhøgd skal artikkelen få stå er rettesnora som vert følgd. Men det kan vere umoro å verte styrd av andre på dette viset. Kvifor er det desse andre som skal få bestemme kva for artiklar me skal skrive på? Kanskje kan me skilje meir mellom vas og reklame, og hive meir av reklamen? --Jorunn 09:59, 24 august 2006 (UTC)
Me kan fjerna lenkja til heimesida. Då forsvinn kanskje reklameeffekten, men ikkje informasjonen. --Sigbjørn 13:50, 30 oktober 2006 (UTC)