Diskusjon:Føniksordenen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Organisasjon eller orden[endre wikiteksten]

Trur Føniksordenen er ein orden, ikkje ein organisasjon. Eg kan ikkje så mykje om emne, og setningar som «noko som tvinga organisasjonen til å arbeida skjult for Magidepartementet» er difor ikkje lett for meg å endre. En orden kan vel ikkje arbeide for noko departement? --Altijd (diskusjon) 29. september 2012 kl. 21:44 (CEST)[svar]

Det er ein organisasjon. Kan sjå gjennom artikkelen og prøve å gjere den litt betre :) --Silver Stone (diskusjon) 29. september 2012 kl. 22:23 (CEST)[svar]
Blei litt usikker no, på bokmålswikipediaen står det at det er ein fiktiv orden. Kanskje det er betre å heller skrive "orden" enn "organisasjon" likevel? --Silver Stone (diskusjon) 29. september 2012 kl. 22:28 (CEST)[svar]
Ein orden er ein medalje som ein kan få om ein har gjort noko som fortener ein belønning. Sjå t.d. Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen. Ein organiasjon er ein samskipnad av fleire menneske med nokolunde felles interesser eller mål. Og ut i frå tittelen å dømme, er dette ein orden. --Altijd (diskusjon) 29. september 2012 kl. 22:38 (CEST)[svar]
Det tviler eg på er heilt korrekt. Kva med til dømes Den tyske riddarordenen eller Maltesarordenen som i praksis dreiv eigne land? Er ikkje snakk om løn eller medaljar der i garden. --Frokor (diskusjon) 29. september 2012 kl. 22:42 (CEST)[svar]
Orden vert i ordboka mellom anna omtalt som samskipnad som følgjer faste reglar og samskipnad = organisasjon eller forbund. --Frokor (diskusjon) 29. september 2012 kl. 22:49 (CEST)[svar]
Greitt. Eg skreiv berre det eg trudde ut i frå det eg las i tittelen og på Wikipedia på bokmål. Som sagt så kan eg ikkje så mykje om emne, og eg valte difor å spørje for å finne ut om det er ein organisasjon eller ikkje. Men då lærte eg noko nytt i dag òg. --Altijd (diskusjon) 29. september 2012 kl. 22:56 (CEST)[svar]
:-) --Frokor (diskusjon) 30. september 2012 kl. 00:19 (CEST)[svar]