Diskusjon:Folden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit stadnamnleksikon vil vel stadfeste det som står om at Follo kan ha opphav i Fold-lo. At Folda, norrønt Foldin, var det gamle namnet på Oslofjorden, kan vi mellom anna lese i fotnotene til Snorre, m.a. i fotnote til Ynglinge-soga i Snorres Kongesoger, Det Norske Samlaget 1979 ISBN 82-525-0657-7.

Men Foldin må vere eit hokjønnsord, og eg meiner sida må flyttast til Fold eller Folda. Forma Folda er bruka i Snorre-omsetjinga, medan vi finn forma Fold i Aust- og Vestfold. - Knut 16:34, 31 januar 2008 (CET)

Grei sak det, ja.[1] -- Olve 16:58, 31 januar 2008 (CET)
Fold eller Folda? - Knut 17:12, 31 januar 2008 (CET)
Ei fold,[2] med andre ord Folda. -- Olve 19:04, 31 januar 2008 (CET)
I Norsk stadnamnleksikon står det om dette under Folda. Folda er oppført både som elvenamn (ofte skrive Folla) og fjordnamn, og det vert lista opp fleire av både elver og fjordar med namnet. nb:Folden er om ein tidlegare kommune (som gjerne har namnet sitt frå ein av fjordane som heiter Folda). --Jorunn 17:42, 31 januar 2008 (CET)