Diskusjon:Gassisk teiknspråk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wikipedia kan ikkje vere referanse. Grunnen til finn ein her: en:Wikipedia:General disclaimer, ei side som er lenka til frå kvar einaste side på engelsk Wikipedia. Eller som det står på nb.wikipedia: "Wikipedia kan IKKE garantere på noen som helst måte for holdbarheten av de opplysninger som finnes her." --178.232.25.94 5. januar 2013 kl. 15:15 (CET)[svar]

Eg er samd i at vi skal vere kristiske til alt vi les på Wikipedia. Akkurat som vi skal vere kritiske til det vi les andre stader. Og nettopp derfor er det viktig å skrive kor vi har henta ei opplysning. Hentar vi ei opplysning på Wikipedia, må vi skrive kor vi har henta opplysninga. Dersom vi henter opplysningar på wikipedia, men ikkje vil seie at vi har gjort det, sidan wikipedia er ei dårleg kjelde, då stikk vi hovudet i sanda.
Engelsk wikipedia reknar teiknspråket som blir brukt på Madagaskar som norsk teiknspråk. Det er interessant, synst eg.
Ein annan ting er at wikipedia ofte er ei betre kjelde enn mange aviser og digitale oppslagsverk. Likevel skal vi aldri bruke wikipedia som kjelde ukritisk.--Knut (diskusjon) 5. januar 2013 kl. 15:30 (CET)[svar]
Wikipedia kan ikkje vere referanse. en.wikipedia seier sjølv tydeleg av opne wikiar ikkje kan brukast til referansar, sjå en:Wikipedia:Sources. --89.8.137.253 5. januar 2013 kl. 18:35 (CET)[svar]
Er ikkje kunnskapen på Wikipedia fri? Vi ser nesten dagleg aviser oppgir wikipedia som kjelde.
Er problemet at eg hentar ei opplysing frå engelsk wiki, eller at eg seier at eg gjer det? --Knut (diskusjon) 5. januar 2013 kl. 19:34 (CET)[svar]
Sidan Wikipedia ikkje kan brukast som kjelde, er det lite vits i å referera til Wikipedia på denne måten. Då kan ein like gjerne droppa heile tilvisinga, sidan «kjelda» ikkje er ei eigentleg kjelde; og at ei kjeldetilvising til Wikipedia soleis er jamgod med inga kjeldetilvising i det heile. Set ein om ein heil artikkel stiller det seg litt annleis; då vil kjeldetilvisinga i botnen fungera som ei godskriving, òg. Det er i alle fall slik eg ser på det. -- Njardarlogar (ordskifte) 6. januar 2013 kl. 00:31 (CET)[svar]
Dersom vi ikkje kan skrive kor vi har henta opplysninga, bør vi heller ikkje ta ho med. Då går lesarane glipp av ei opplysing som gir forklaring på korfor bm og engelsk wiki reknar teknespråket på Madagaskar som norsk teiknspråk. Akkurat dette er jo ei fillesak. Men prinsippielt er spørsmålet viktig. Vi må kunne omsetje artiklar frå andre språk om vi skal greie å utvikle nynorsk wikipedia. Og då bør vi også kunne omsetje einskildavsnitt, t.d. om bøying av pronomen i luxemburgsk. Kan eg ikkje hente ein slik boks frå tysk wiki – og fortelje at eg har gjort det? --6. januar 2013 kl. 08:47 (CET)
Ein kan jo skriva «opplysinga om eitt eller hitt vart henta frå einkvan staden» nede i kjeldebolken utan å nytta <ref>-merke. Sameleis kunne ein skriva «Bolk x er sett om frå y». Eg trur <ref>-merke utan unnatak bør visa til reelle kjelder; d.e. kjelder av typen du kan gå til for å få stadfest/auka sannsynet for at opplysinga er sann, heller enn berre «her kjem opplysinga frå». -- Njardarlogar (ordskifte) 6. januar 2013 kl. 11:12 (CET)[svar]
en.wikipedia og nb.wikipedia oppgjev ikkje referanse for at gassisk teiknspråk og norsk teiknspråk er same språket. Det er ikkje i samsvar med retningslinjene deira og kan takast opp på diskusjonssidene der, ikkje i artiklane her. --89.8.151.89 6. januar 2013 kl. 11:58 (CET)[svar]
Nynorsk wikipedia hevdar ikkje at det er same språket, tvert om har vi referanse for at gassisk tieknspråk er rekna som eit eige språk. Men vi har peika på at det finst dei som reknar dette som eitt språk. Sidan desse førebels berre er funne på engelsk og bokmåls wikipedia, fjernar eg opplysninga. --Knut (diskusjon) 6. januar 2013 kl. 12:46 (CET)[svar]

Eg kunne tenkje meg å skrive om valensiansk. Spansk språkstrid er så full av kontroversar, at her kan wikipedia ikkje brukast som kjelde, det forstår eg. Heller ikkje kan vi omsetje nokon wikipediaartikkel om dette emnet. Dersom du - eller andre - meiner utsegna «er av mange rekna som ein variant av norsk teiknspråk» er kontroversiell, skal eg naturlegvis ta han bort. --Knut (diskusjon) 5. januar 2013 kl. 20:06 (CET)[svar]