Diskusjon:Geir Rommetveit

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Journalist på lokalkontor i NRK, er det nok til leksikonoppføring? --Ekko 14:41, 10 september 2006 (UTC)

Han er ein kjend journalist i Hordaland. Og var på lokalkontor fram til 1997, då starta han i Dagsnytt. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_hordaland/2531061.html Tannkrem 15:14, 10 september 2006 (UTC)
Men ut i frå kva som står i artikkelen er det ingen grunn til at han skal ha ein leksikonartikkel: ...er journalist. Han jobbar i NRK. Det bør stå kvifor denne personen har offentleg interesse. Korkje Yrke:journalist eller Arbeidsgjevar:NRK er i seg sjølv særleg interessant. Etter mi meining er det heller ikkje relevant at han er far eller bror til nokon som er kjend. --Ekko 19:44, 10 september 2006 (UTC)
Eg har fylt litt meir ut no. Og eg synest at Geir Rommetveit bør ha ein artikkel fordi han er kjend. Det står heller ikkje særleg mykje i bokmålswikipedia sin artikkel om han; http://no.wikipedia.org/wiki/Geir_Rommetveit.
Eg har det ikkje travelt med å få sletta artikkelen, berre så det er sagt. Men kva er han kjent for? --Ekko 20:34, 10 september 2006 (UTC)
Han er ein kjend journalist, og er ikkje kjend for noko anna enn at han er journalist. Akkurat som alle andre journalistar som ikkje gjer noko spesielt anna enn å vera journalistar. Han har eit namn mange har høyrt og vil kjenna att neste gong dei høyrer det. Og i 2004 vart han råka av ein tsunami. Tannkrem 20:49, 10 september 2006 (UTC)
Grunnen til at eg skreiv artikkelen var forresten at det var referert til han på broren sin artikkel: http://nn.wikipedia.org/wiki/Magne_Rommetveit. Det tyder vel og på at nokon andre enn meg synest at han er nemneverdig.Tannkrem 21:02, 10 september 2006 (UTC)
Rommetveit er kjend, i alle høve på Vestlandet. På no:, der dei slettar mange ting, er det ein eigen artikkel om han. Alt i alt så røyster eg for å ha ein artikkel om han. --Gunnernett 11:15, 14 september 2006 (UTC)
Dei gjer no så mykje på no:. Hovudpoenget mitt var og er at det må gå klart fram av artikkelen sjølv kvifor han er skrivi. Ettersom eg tydeligvis er einaste mot tar eg vekk slettemerket og held for meg sjølv kva eg synest. Ekko 12:25, 14 september 2006 (UTC)