Diskusjon:Generalbass

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det nokon særskild grunn til at ein vel å kalla artikkelen "Basso continuo" heller enn "Generalbass", som er nemninga som fyrst er nemnd i artikkelen? På norsk har ein hovudsakleg importert klassiske musikkomgrep frå tysk, der "Generalbass" har vore det vanlege omgrepet sidan 1800-talet; det same gjeld på svensk og dansk, der "generalbas" er tittelordet. Eg har ikkje so mange kjelder tilgjengeleg her og no, men Øystein Gaukstad sitt musikkleksikon og nettutgåva av Store Norske har båe "generalbass" som tittel, medan ein blir referert vidare om ein slår opp "basso continuo" og "continuo". Dette stemmer – etter min oppfatning – godt over eins med gjengs bruk på norsk, og eg føreslår at artikkelen flyttast til "Generalbass", om det ikkje er særskilde grunnar til at han er sett opp som han er. Sirion123 (diskusjon) 17. juni 2013 kl. 21:27 (CEST)[svar]

Sidan det ikkje har kome motobservasjonar her, tok eg meg no fridomen til å flytta sida. Det verkar som at nærast alle norskspråklege kjelder eg kan oppdriva er samde i at generalbass er det gjengse uttrykket på norsk, som stemmer heilt over eins med tendensen til at ein har importert musikkomgrep frå tysk. Sirion123 (diskusjon) 22. august 2013 kl. 08:47 (CEST)[svar]