Diskusjon:Eininga gera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Gera)
Hopp til navigering Hopp til søk

Er ikkje «gera» av Mesopotansk opphav? Eg er ikkje sikker, men kanskje andre veit det? Det kan tykkjast som om Brukar:Knut trur at alt stammar frå ei bok (bibelen), men det er vel ikkje tilfellet. Etter mi meining er Knut på grensa til «religiøs tagging» når han tilegnar så godt som alt til ei bok som vert sett på som heilag i hans eigen religion. Det er truleg godt meint, men av og til er det lett å verta for ihuga og før ein veit ordet av det vert ein oppfatta som fundamentalist. Som irane seier: alkohol og religion bør helst nytast med måte. --Sigmundg 3. januar 2009 kl. 20:07 (CET)

Siste delen av komentaren høyrer evt heime på brukarsida mi. Til den første delen: Den som veit meir om mesopotanske måleiningar, er velkomen til å skrive om det. Eg har skrive om 22 bibelske måleiningar. - Knut 3. januar 2009 kl. 22:10 (CET)
Det kan vera at nokre av desse måleeiningane er mykje eldre enn bibelen og bør kategoriserast som til dømes mesopotanske, hebraiske, etc. måleeiningar. Å kalla einingar som er eldre enn bibelen for bibelske kan vel ikkje vera rett. Når ein ikkje er sikker på opphavet er det betre å skriva det. --Sigmundg 3. januar 2009 kl. 23:55 (CET)
Med ei bibelsk måleeining forstår eg ei måleeining som er nemnd i Bibelen. Eg har ikkje skrive noko om opphavet. Opphavet er ikkje bibelsk, det trudde eg var sjølvklårt, og einingar som er nemnd i Mosebøkene må vere mykje eldre enn Bibelen. Dei som veit noko om opphavet, kan skrive om det, og leggje inn ein kategori til, om dei vil. - Knut 4. januar 2009 kl. 00:17 (CET)
Om ein skal fylja denne tankegangen lyt ein kalla alle mål nemnt i [1] snorreske einingar, dei som er nemnde i Koranen for koreanske einingar, dei som er nemnde i [2] for seras-zemansky-youngske einingar, osb. Om ein forfattar er den fyrste som nyttar ei eining er det grunn til å kalla opp eininga etter han/ho, men at ei eining er nemnt i ei eller anna bok bør ikkje gje grunnlag for å tillegga eininga namn etter boka. Spesielt ikkje npr eininga har vore i bruk i århundre (eller årtusen?) før boko var skriven. Eit leksikon skal innehalda faktaopplysningar, ikkje urelevante opplysningar om at ei eller anna bok har nemdt (i dette tilfellet) ei eining. --Sigmundg 4. januar 2009 kl. 00:55 (CET)
Trur vi kan løyse dette og liknande problem på enkelt vis: [[kategori:måleiningar i Den hebraiske bibelen]], [[kategori:måleiningar i Det nye testamentet]], [[kategori:måleiningar i Talmúd]], [[kategori:måleiningar i Koranen]], [[kategori:måleiningar i Heimskringla]] osv. Merk særleg at Den hebraiske bibelen (kalla Tenákh i jødisk tradisjon, Det gamle testamentet i kristen trad. og Tawrat i islamsk trad.) og Det nye testamentet er to ulike kjelder med ulik bakgrunn, ulikt grunnspråk, ulik teologi og ulik utbreiing og tolkingshistorie. -- Olve Utne 4. januar 2009 kl. 01:19 (CET)
Ordbruken «bibelske måleiningar» samsvarer med vanleg norsk språkbruk, jf. ssb sin bruk av «bibelske namn» her. Elles går råda frå Olve og Sigmund i så ulike retningar at eg i sum ikkje ser nokon grunn til å ta initiativ til å endre kategorinamn. --Knut 4. januar 2009 kl. 09:53 (CET)
  1. Vi skal vel reflektere sak vel så mykje som lokal språkstatistikk.
  2. Kva med å vente litt og sjå kva Sigmund seier? :) Olve Utne 4. januar 2009 kl. 11:36 (CET)

Kjelder[endre wikiteksten]

  1. Sturlason, S., Snorres kongesoger, Det norske samlaget, 1979.
  2. Sears, F.W., Zemansky, M.W. og Young, H.D., University physics, 5. utg., Addison-Wesley Publ. Comp., 1978.

Beka[endre wikiteksten]

Skal ikkje andre ordet i andre setninga vere noko anna enn beka?

Takk skal du ha. Trur det er fiksa no :-) --Knut (diskusjon) 10. april 2012 kl. 23:05 (CEST)