Koranen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koranen
القرآن‎

Ei side i ein andalusisk koran.
Språkklassisk arabisk
Blei til631
Sjangerreligiøs litteratur, heilag skrift

Koranen (arabisk القرآن‎) er den heilage skrifta i islam. Ho består av profeten Muhammed sine openberringar.

Ein gammal Koran ved American Museum of Natural History i New York.

Koranen består av 114 suraer (kapittel), og dei er ordna slik at dei lengste suraene kjem fyrst, og dei kortaste sist, med unnatak av den korte fyrste suraen som er ei sentral bøn i islam.

For dei truande er Koranen bokstaveleg Guds ord, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Koranen er skriven på arabisk, og omsetjingar vert ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av Koranen.

Koranen på norsk[endre | endre wikiteksten]

Koranen vart fyrst omsett til nynorsk av Einar Seim i 1965, men ikkje gjeven ut.[1][2]

Den fyrste fullstendige norskomsetjinga av Koranen vart gjeven ut av Universitetsforlaget i 1980, omsett av Einar Berg.

I 1996 kom den andre norske omsetjinga av Koranen, utgjevne av Islams Ahmadiyya Menighet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Redaksjonen (23. juni 2015), «Han omsette Koranen til nynorsk», LNK-nytt (på engelsk), henta 25. november 2023 
  2. Dale, Tove Elise Thue (17. juni 2015), «Han omsette Koranen til nynorsk», Firda (på norsk), henta 25. november 2023 
  3. Den Hellige Qur'ânen (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2. april 2015, henta 14. juni 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]