Diskusjon:Harald IV av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det ser forsåvidt flott ut med ein lang tittel, men for mange av kongane er det problematisk. I si tid prøvde eg å unngå dette med å berre gje dei norske kongane "namn og nummer". Fleire av kongane i borgarkrigstida var berre konge i delar av landet. --Gunnernett 30. mar 2005 kl. 2103 (UTC)

Det er eit problem, ja. Det er også vanskeleg å vita kva ein skal gjera med herskarar over Norge, Danmark og Sverige. Kompromisset kan kanskje vera å gje lang tittel der det går, og så bruka kortversjonen for "problemkongane". Dersom det så viser seg at dei kolliderer med kongar frå eit anna land, får me finna på ei anna løysing. -- Ranveig 30. mar 2005 kl. 2154 (UTC)