Diskusjon:Hasselblad AB

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Deler av denne artikkelen er openbert omsett frå engelsk, men det er det ikkje gjort noko forsøk på å opplyse om frå brukaren som la inn stoffet. Om alt er frå engelsk wikipedia, eller om delar av stoffet er frå andre stader, har ikkje eg tenkt å prøve å gisse meg fram til. Brukaren som la inn stoffet har fleire gonger vorte fortald at stoff som andre personar har produsert på andre wikipedia-utgåver skal ha lenkje til der det vart produsert, slik det står i rettningslinjene, men fortset å ignorere det. I fortsetjinga kjem slikt stoff no til å merkast med slettemerke med grunngjeving i opphavsrettsbrot. --178.232.136.4 19. november 2011 kl. 23:50 (CET)[svar]

Kjeldetilvising er viktig. Ofte manglar det på artiklane våre, slik det også gjer her. Kjem stoffet frå engelsk WP er det ikkje opphavsrettsbrot vi har med å gjere, det er heilt i orden å kopiere frå wp-utgåve til wp-utgåve. Derimot skal det sjølvsagt stå at det er det som er gjort. Men dette i seg sjølv løyser ikkje problemet med kjeldetilvising, det flyttar det berre eit steg vidare: I tillegg til å hente tekst frå en wp bør forfattaren dermed også få med seg dei av kjeldene i den engelske artikkelen som er relevant for det stoffet som blir kopiert over. Elles er det slik den anonyme IP-brukaren seier: Dette er ikkje nokon ny diskusjon, den har vore oppe på brukarsida til forfattaren før. Slettemerking kan vere eit effektivt virkemiddel for å få slike artiklar på rett kjøl. Elles er det meir konstruktiv å leggje til kjelder enn å slette artiklar, men best er det sjølvsagt om det er rett frå starten av. Trondtr 20. november 2011 kl. 00:09 (CET).[svar]
Jau, det er opphavsrettsbrot. Kvifor skal det vere heilt greit å kopiere frå wikipedia-utgåve til wikipedia-utgåve når det står i lisensen at ein kan gjenbruke stoffet mot å namngje den som har produsert det? Korleis vert den retten teken vare på om kopierer fritt frå wikipedia-utgåve til wikipedia-utgåve? Det er ikkje wikipedia som har produsert stoffet, det er einskildpersonar, einskildpersonar som har fått beskjed om at dei har rett til å namngjevast ved ombruk av stoffet.
Referansar og det å gjere stoffet etterprøvbart er viktig, og ein mangel ved mange artiklar her, men det har ikkje døyten med dette å gjere. --46.15.72.201 20. november 2011 kl. 00:41 (CET)[svar]
Creative Commons-by-sa inneber at det skal stå at teksten er teke frå Wikipedia (jfr. teksten i CC BY-SA (lenkje under dette vindauget: "opphavspersonen og/eller lisensgiveren" (mi utheving). Viss vi siterer frå, eller sett om, ein artikkel, frå ein wp versjon til ein annan (eller til ein annan kontekst), skal vi referere til Wikipediaversjonen vi har henta det frå. Vi kan ikkje referere til forfattarane: Det er ikkje berre ein, men fleire, og mange av dei skriv ikkje under fullt namn, men under pseudonym eller til og med IP-nummer, som vi veit. Dei som er interessert i å finne ut kven som har skrive teksten kan så leite i historikken, der kan dei spore forfattarane attom, ord for ord. For å verifisere innhaldet må vi i alle fall referere ut av Wikipedia, det følgjer av prinsippet om "ikkje original forsking". Trondtr 20. november 2011 kl. 09:04 (CET).[svar]