Diskusjon:Havbølgje

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vassbølgje?[endre wikiteksten]

Fin artikkel. No blir det jo bølger også i store innsjøar. Er det noko i vegen for å kalla artikkelen «Vassbølgje»? --Ranveig 13:29, 13 januar 2007 (CET)

Det er ikkje noko i vegen for det, men havbølgje er eit innarbeidd uttrykk som òg kan brukast for bølgjer i store innsjøar. --Frokor 15:24, 13 januar 2007 (CET)

Amplitude og bølgelengd?[endre wikiteksten]

Tyder “forholdet 1:24” forholdet mellom amplitude og bølgelengd? Ein definisjon ville vera nyttig her. --Sigmundg 29. desember 2008 kl. 17:54 (CET)[svar]

Ja, det er hellingsforholdet. Eg har skrive om setninga og flikka litt her og der. --Frokor 29. desember 2008 kl. 19:40 (CET)[svar]


Referansar[endre wikiteksten]

Denne artikkelen ville vera enklare å lesa om teksten inneheldt referansar til kjelder. Artikkelen oppgjev rett nok fleire kjelder, men om eg er ute etter utleiinga av uttrykket

ville eg setta stor pris på å få vita i kva kjelde eg finn ho. Eg kan rett nok få tak i og gå gjennom alle kjeldene, men det er mykje meir arbeid enn om eg viste kvar eg skulle leita. --Sigmundg 29. desember 2008 kl. 18:04 (CET)[svar]

Eg skal sjå om eg finn noko i ei oseanografibok eg har når eg kjem heim. Likninga bør stå der. --Frokor 29. desember 2008 kl. 19:40 (CET)[svar]
Ja, likninga bør stå. Poenget med å syna til ei kjelde er å hjelpa dei som vil vita meir om emnet. --Sigmundg 29. desember 2008 kl. 21:22 (CET)[svar]
Hehe, ser eg uttrykte meg litt uklårt. Eg meinte at likninga bør stå i den boka. --Frokor 29. desember 2008 kl. 21:33 (CET)[svar]
Fann begge likningane i boka eg viser til, men det var ikkje rare utleiinga. Å vise korleis ein kjem fram til slike likningar er typiske eksamensoppgåver i både oseanografi og meteorologi. --Frokor 29. desember 2008 kl. 22:45 (CET)[svar]
Fig. 1 Fasefart.

Stemmer det fasefarten varierer som i fig. 1? --Sigmundg 29. desember 2008 kl. 22:21 (CET)[svar]

Det ser slik ut. Eg har ikkje rekna på det, men forma stemmer i alle fall ved at lange bølgjer flyttar seg raskast og at farten deira minkar når vassdjupna minkar. --Frokor 29. desember 2008 kl. 22:45 (CET)[svar]