Diskusjon:Hn/Måleblenda

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

1) Eg tykkjer det bra at nokon skriv på høgnorsk, så Linuxboxen (skulle det ikkje ha vore Linuxøskja, eller Linuskassa?) fortener ei pingvinfjør i hatten for det. Om eg kunne skriva på HN ville eg òg gjera det, for eg tykkjer at det er mykje hudkveikjande å lesa HN.

2) Eg tykkjer det er vanskeleg å lesa likningar når ein nyttar * som gangeteikn. Dette symbolet vert òg nytta i tydinga foldningsoperator, så det kan i sume høve føra til misstying (ikkje i denne artikkelen). Dessutan er likningane lettare å lesa utan gangetegn. Om du meiner at du må ha det med for å unngå mistyding bør du nytta ein prikk.

3) Om ein nyttar MathML for å skriva likningar vert dei mykje lettare å lesa. Liknnga

q = A1*v1 = A2*v2

til dømes, vil då verta til

MathML er lett å læra og når ein vert van med MathML er det omlag lige snøggt å skriva likningar i det som med ASCII-symbol.

--Sigmundg 23:38, 5 november 2006 (CET)