Diskusjon:Impossible Remixes

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Viss ein skal skrive «den» framfor alle datoar bør ein også skrive «i» mellom datoen og årstalet, altså «den 10. august i 1998». Berre «10. august 1998» burde likevel vere meir leksikalsk stil, og halde plenty her. Denne brukaren, eller meir truleg maskinomsetjaren hans, har det med å skrive «den» framom datoar. Ei anna sak er lenking av alle datoar. 10. august og 1998 er lenkt to gonger i denne artikkelen. Kor mange er det som kjem til å klikke på dei lenkjene, og kor stor nytte vil dei ha av det? Eg ser ikkje nytten av slik lenkjing av datoar og årstal. --89.8.202.212 7. november 2011 kl. 15:52 (CET)[svar]

Alle datoar bør ikkje lenkjast, dette bør berre skje når ei lenkje er nyttig (fordi hendinga var viktig for datoen, eller fordi datoen var viktig for hendinga). Lenking av alle datoar trur eg faktisk er ein gammal tradisjon som stammar frå Engelsk Wikipedia der han blei brukt til automatisk formatering av datoar i ulike stilar. Dei har no slutta med dette, og me har jo aldri drive med slikt. «Den» framfor datoen kan eg vera med på, men berre når språkkjensla seier det, ikkje maskinen. --Ranveig 7. november 2011 kl. 18:00 (CET)[svar]