Diskusjon:Indianarar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Indianarar, innfødde eller urfolk på norsk?[endre wikiteksten]

Eg synes artikkelen er god, men han gjev ikkje svar på om ein kan skrive indianar i Wikipedia-artiklar? Frå Nynorskordboka:

Innfødd: ”ofte brukt om opphavleg urfolkesetnad i land utanfor Europa”
Indianar: ”person som høyrer til urfolket i Amerika (frårekna inuittar og aleutar)”
Urfolk: ”første, opphavlege folkesetnad el. folkeslag på ein stad”

Indianaromgrepet er knytt til rasisme, slaveri og undertrykking. Mange som sjølv er innfødde amerikanarar meiner omgrepet indianar (indios) er krenkande. I mange dømer hadde menneske frå ulike grupper i Amerika før Columbus ikkje anna til felles enn at dei hadde territorium i same verdsdel. Difor hadde folk heller ikkje noko omgrep som svarar til indianar. Trass i dette meiner den norske sosialantropologen Trond Berget som har arbeidd blant indianarsamfunn i Sør-Amerika at ein skal nytte omgrepet indianar på norsk og stør seg til South American Indian Council, CISA. Sitat frå CISA omsett og publisert i ISBN 82-519-1861-8 den nye jungelboka:

..det er som indianere vi er blitt kjent, det er som indianere vi har blitt undertrykt i 500 år, og med dette navnet må vi uten tvil frigjøre oss. Å være indianer er vår stolthet.

Det kan vere CISA ikkje er representativ for heile Amerika med det synet. Men eg synest vi kan bruke indianarar om folkegrupper og enkeltmenneske som er innfødde i Sør-Amerika.

Eksempel: en:Huaorani er ei folkegruppe som har territorium i ecuadoriansk Amazonas. Ein norsk artikkel kan nemne folkegruppa som huaoranifolket eller huaoraniindianarar, enkeltmenneske kan nemnast ein huaorani eller ein huaoraniindianar.

Eksempel: Quechuaer kan ein òg kalle quechuaindianarar. Dette er innfødde som ikkje treng ha stort anna til felles enn quechua og ei felles historie under inkariket i ein periode frå 1400-talet eller 1500-talet fram til 1532. Her finst ikkje godt alternativ til indianar.

Roarjo 2. des. 2005 kl. 21:25 (UTC)