Diskusjon:Inger Waage

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg tok vekk bolken utstillingar. Det kunne sjå ut som om Kunstindustrimuseet i Oslo og Folkemuseet på Bygdøy hadde eigne permanente utstillingar om Inger Waage. Det har dei ikkje. Det som er tilfellet er at dei har permanente utstillingar over eit mykje breiare felt der gjenstandar formgjevne av Waage er med på lik linje med hundrevis av andre gjenstandar.

Eg tok også vekk omtale av at eit bilete av ein av Inger Waage formgjeven gjenstand er brukt i ei lita bok om britisk keramikk på 50-talet, som døme på skandinavisk keramikk. Det stemmer at eit slikt bilete finst i den boka, men det får alt for stor vekt her. Ho er ikkje nemnd i boka elles, og boka er som sagt lita og tynn, og ikkje noko tungtvegande verk om verken britisk 50-tals keramikk eller Inger Waage.

Til slutt tok eg vekk at serviset Bambus er eit "ildfast flamingoservise". Det er feil. Somme delar med "Bambus"-dekoren er eldfaste, andre er det ikkje. --178.232.157.124 22. november 2012 kl. 17:31 (CET)[svar]