Diskusjon:Jonas Fjeld

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«... Hans finder ...» Eg har ikkje reflektert noko over skrivemåten i dei sitata, tenkte det var riksmål anno 1920, og ikkje veit eg om det vart skreve fiender eller finder på riksmål då. Ikkje veit eg om hr. Frich held seg til riksmålsnormalen heller. Heile artikkelen, med unntak av boklista, er teken frå nb/no, utdraga inkludert, men det sitatet er redigert vekk igjen frå nb/no seinare. Jorunn 14. mai 2005 kl. 1244 (UTC)

Så vidt eg veit blei fiendar stava "fiender", også då. "Finder" er det same som "finn", evt. kunne det tyda "finnar" (ein som finn) i denne samanhengen. Det er truleg ein skrivefeil frå den som skreiv inn sitatet, men kan like gjerne vera ein trykkfeil i boka, eller som du sa, eit val gjort av Frich, så eg ville ikkje retta det utan vidare. -- Ranveig 14. mai 2005 kl. 1353 (UTC)