Diskusjon:Kari

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er ikkje heilt einig i kategorisering av Kari som eit gresk førenamn. Katarina er det nok, men så vidt eg veit har ikkje Kari nokon gong blitt brukt av grekarar. Eller har det? -- Ranveig 3. feb 2005 kl. 2257 (UTC)

Ja, eg lurte litt på det òg... Etymologisk sett er no namnet gresk, men du har rett i at denne forma av namnet aldri har vore bruka på gresk. Tilsvarande er Eva eit hebraisk namn som aldri har vore bruka i den forma på hebraisk... Kanskje vi burde endre kategorien til Kategori:Førenamn av gresk opphav? Eller noko anna. Kva trur du / de andre? -- Olve 3. feb 2005 kl. 2317 (UTC)

Svært bra - det var akkurat noko slikt eg hadde tenkt meg. -- Ranveig 3. feb 2005 kl. 2331 (UTC)

Bør vi da ha Kategori:Førenamn av norrønt opphav òg, eller skal namn med «naturleg» utvikling i Skandinavia framleis stå under Kategori:Norrøne førenamn? Eg liker no godt forma Kategori:Xe førenamn, men det er lettare å arbeide om kategoriane er mest muleg parallelle... -- Olve 3. feb 2005 kl. 2347 (UTC)
For meg er dette to ulike kategoriar. Norrøne førenamn er namn som vart brukte i norrøn tid og gjerne også nå. Førenamn av norrønt opphav er nylagingar inspirerte av norrøne namn. Dette kan jo vera vanskeleg å skilja, men ingenting er umogleg... -- Ranveig 4. feb 2005 kl. 0020 (UTC)