Diskusjon:Karsporeplanter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pteridophyta?[endre wikiteksten]

So langt eg kank sjå er båe norske versjonar av wiki samde um at Karsporeplantar er éi rekkje, Pteridophyta. Engelsk wikipedia reknar kråkefotplantar under eigi rekkje, Lycopodiophyta, som her er klasse Lycopsida. Det som stend på engelsk er i samsvar med det eg hev fengi undervising i på universitetet, og eg hev difor fylgt dette i taksoboksen for plantar. Men so hev eg no ikkje studert biologi so lengje, og i alle høve ikkje plantelæra. Finst det nokon med ekspertkunne som kann trå til her og klara upp?--Zjanes

Ekspertkunne vil eg ikkje skryta på meg, men eg har i det minste ei lærebok frå eg tok grunnemnet i botanikk. Denne har eg plukka opp att og lese ein del i i dag. Sidan bregner, etter det dei fleste systematiske botanikarar er einige om, er nærare i slekt med ekte frøplantar enn med sneller kan ikkje karsporeplantar vera noka monofyletisk gruppe. Difor kan dei heller ikkje vera noka eiga rekkje i nokon vitskapleg forstand. Den engelske sida om Pteridophyta tek berre for seg bregner, medan karsporeplantane i tillegg omfattar kråkefotplantar (søstergruppa til sneller + bregner + frøplantar) og sneller (søster til bregner + frøplantar).
Difor har eg no fjerna "Pteridophyta" frå artikkelen.--Gunnar 4. august 2008 kl. 10:12 (CEST)
Flott! Då skipar eg til ein artikkel um bregner i morgon (um eg fær tid og du ikkje kjem meg i fyrekaup (kannhenda litt brutal bruk av høgnorsk, det ordet)--Zach Janes 6. august 2008 kl. 02:16 (CEST)