Diskusjon:Konflikten mellom Wergeland og Welhaven

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det første avsnittet under overskrifta "Vegen vidare" er merkeleg. Intervjuet med Seip i Klassekampen er ikkje nokon heilt god kjelde. Framstellinga der haltar. Welhaven var knytt til kulturlivet i Danmark og dessutan til tysk nasjonalromantikk. Wergeland hadde større vengefang og såg vidare ut enn Welhaven. Det blir feil å seia at Wergeland vende seg berre innover.Og dessutan: Kva slags impulsar ville Welhaven hente utanfrå? Var ikkje Welhaven trass i alt først og fremst estetikar?

Men i krinsen rundt Welhaven fanst det folk som Frederik Stang og Anton Martin Schweigaard. Dei var juristar og politikarar. Båe vart seinare statsministrar. Stang fekk tilnamnet "løftestangen" av di han var så tiltaksrik. Etterkomarane etter Welhavenkrinsen stifta seinare partiet høgre. Men alt dette skuldast ikkje Welhaven. Wergeland var mykje meir oppteken av praktisk politikk enn Welhaven.--Røven 25. juli 2008 kl. 12:58 (CEST)[svar]