Diskusjon:Kristian X av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Med 'K'[endre wikiteksten]

På norsk skal han vel skrivast Kristian X? Ikkje sant? --KRISTAGAα-ω 10. apr 2005 kl. 2023 (UTC)

Er det slik at alle Christian- kongane skal skrivast Kristian på norsk? Skal "Frederik" skrivast "Fredrik"? --Gunnernett 10. apr 2005 kl. 2036 (UTC)
Eg meinar då at det var nytta "Ch" i mine historiebøker. "K" vil i alle tilfelle ikkje endre på uttalen, slik som Henrik for Henry. Har uansett aldri forstått kvifor ein absolutt må "oversetje" namna til kongelege og geistlege. -- Larsivi 10. apr 2005 kl. 2044 (UTC)
Språkrådet brukar 'K': Sjå [1] og [2]. Det same gjør au svensk wikipedia. Men ikkje bokmålswikipediaen. --KRISTAGAα-ω 10. apr 2005 kl. 2055 (UTC)
For min del kan gjerne Christianane flyttast til "Kristian", men då må det gjerast konsekvent. Det er tradisjon for at visse regjerande monarkar får omsett namnet sitt, eller "fornorska". Her kan nemnast engelsk Charles som vert Karl på norsk. Då står det att om den noverande Charles vil verta omtala som "kong Karl" på norsk ... --Gunnernett 10. apr 2005 kl. 2104 (UTC)
Tja, det «offisielle» namnet til Charles vil faktisk bli Carolus. Kongar må finna seg i mykje rart når det gjeld namn. Me får la dei historiske kongane ha norske namn, sidan Språkrådet seier det, men for dagens statsoverhovud driv me vel ikkje med slik omsetjing... -- Ranveig 10. apr 2005 kl. 2147 (UTC)