Diskusjon:Kvern (fleirtyding)

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er litt usikker på denne fleirtydingssida. Er dte fornuftig å dele opp i mange tydingar på denne måten? Spesielt når det her berre er snakk om kjøkkenreiskap/kjøkkenkverner. Det blir nytta kvern i mange andre samanhengar, td. i industrien. Hadde det ikkje vore betre med ein artikkel som omhandla prinsippa bak kverning (om det er muleg å lage) med liste nederst over spesielle typer kvern? stykkjet 17. oktober 2009 kl. 21:38 (CEST)[svar]

Eg var òg usikker då eg laga ho. Det finst ei liknande fleirtydingside for «Mølle», som eg er like usikker på. Kanskje ein kunne omdirigera «Kvern» og «Mølle» til «Mylne» og lage sider kalla «Mølle fleirtyding» og «Kvern fleirtyding» og legga inn peikarar til dei på toppen av «Mylne»? Eg trur ikkje lesarar som leitar etter informasjon om møller er interesserte i å lesa om kaffe- og mandelkverner i same artikkelen, men truleg finst det dei som vil lesa om ulike typar kaffekverner. --Sigmundg 17. oktober 2009 kl. 22:59 (CEST)[svar]
Det høyrest fornuftig ut. Dei to fleirtydingssidene kan også peika til kvarandre, ettersom omgrepa kan ha nokså like tydingar (men ikkje alltid har det). --Ranveig 17. oktober 2009 kl. 23:15 (CEST)[svar]
Liker og ideen til Sigmundg. stykkjet 17. oktober 2009 kl. 23:21 (CEST)[svar]