Diskusjon:Kyrkjer i Noreg etter kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ser at både «kirke» og «kyrkje» er brukt her. Eg meiner å hugsa at alle kyrkjer -- i det minste dei som tilhøyrer Den norske kyrkja -- skal omtalast som «kirke» på bokmål og «kyrkje» på nynorsk. Stemmer det? --Ranveig 14:32, 28 desember 2006 (CET)

ja. Og om denne lista skal ha nokon funksjon må det vel lagast peikarar? --Ekko 20:38, 28 desember 2006 (CET)
Denne lista var ikkje lett å finne.Knut 19:57, 29 desember 2006 (CET)

Det må vel vera noko feil her? Eg trur t.d. ikkje at kyrkja på Åmli heiter Åmli... Skulle det ikkje vera Åmli kyrkje? Dette gjeld og andre på lista. --Tannkrem 20:03, 29 desember 2006 (CET)

Ja, det skal truleg vere kyrkje eller kapell eller noko slikt etter alle stadnamna.
Hadde det vore betre å sortere desse kyrkjene etter kommune innan fylka, ikkje kommunenummer? Kommunenummer er eit litt uvant sorteringskriterie for meg, likar betre at det er alfabetisk, slik at Aremark kjem fyrst, ikkje Halden. Og då at Akershus kjem først og Østfold sist, men då smuldrar gjerne gunnlaget for heile lista vekk? På wikipedia på bokmål har dei no ei liste tilsvarande denne i tillegg til nb:Liste over kirker i Norge som skal sorterast etter bispedøme og sokn, og lister over kyrkjene i kvart av fylka, t.d. nb:Liste over kirker i Akershus. --Jorunn 20:56, 29 desember 2006 (CET)
For dei (oss) som er vande med lister sorterte etter kommunenummer, er ikkje det så dum ein måte å sortere på geografisk. Då går ein frå sør mot nord i eit ordna system - fint når ein ikkje hugsar alle kommunenamna. Ein annan ting er at lista skulle hatt deloveskrifter. Det enklaste vil då vere å dele inn etter fylke. Men sidan fylka (i motsetning til kommunane) ikkje er nokon eining Den norske kyrkja, høver det betre å dele inn etter bispedømme. Det er 11 bispedømme, og i hovudsak fell grensene saman med fylkesgrenser (litt krøll rundt Oslo, sjå [[1]] Knut 22:12, 29 desember 2006 (CET)
Kommunenummra går i hovudsak nordover, men dei tek ein ekstra rundtur i kvart fylke sidan dei gamle bykommunane kjem fyrst og så kjem landkommunane etterpå. Haugesund (1106) - Sokndal (1111) og Narvik (1805) - Bindal (1811) er gilde turar, men dei går ikkje nordover. Same korleis ein ber seg åt får ein ikkje kommunane lista opp slik at dei ligg ryddig i sør-nord retning, og dette er ikkje viktig. Det er betre med eit system som på noko vis er innarbeidd enn eit heimestrikka eller ikkje noko system.
Ein liten kikk i Våre kirker - Norsk kirkeleksikon gjorde det tydeleg at der er teke med kyrkjehus som ikkje er tekne med i denne lista, sjølv om også den boka skal gjelde berre Den norske Kyrkja. Somme kyrkjehus kalla kapell er tekne med her, andre er det ikkje (Holmenkollen kapell er med, men ikkje Østamarkskapellet eller Nordmarkskapellet). I Våre kirker - Norsk kirkeleksikon er det tekne med kyrkjehus som vert kalla Bedehuskapell, nokon slike ser ikkje ut til å vere med her, heller ikkje sportskapell, garnisonskapell eller stasjonskapell t.d. Er det tilfeldig, eller er det tilsikta? --Jorunn 03:48, 30 desember 2006 (CET)