Diskusjon:Landskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Treng me eigentleg desse listene når me har kategoriar som Kategori:Norske landskap? Det er vel mykje lettare å halda kategoriane oppdaterte? --GauteHK 8. mai 2005

Eg trur listene er bra å ha i artiklar om emna dei gjeld. Kategorisystemet er først og fremst meint å vera eit navigeringsnettverk. Om nokon søkjer på landskap, så vil dei få opp sida Landskap heller enn sida Kategori:Landskap. Men det er sjølvsagt best om sidene får litt meir innhald òg, slik at dei ikkje berre blir «tomme» lister... :) Olve 8. mai 2005 kl. 1903 (UTC)
Mja, men det er jo lett for at listene her kjem ut av takt med kategoriane. Det er jo eit halvt år sidan nokon oppdaterte listene i Landskap sist. Kva med å byta ut listene med lenkjer til dei enkelte kategoriane? --GauteHK 8. mai 2005 kl. 1915 (UTC)
Ja, du har absolutt eit poeng der. Men mitt syn er no at dette tyder at vi lyt gjera ein betre jobb med sjølve artiklane... :] Kategoriane skal ikkje vera ei unnskyldning for å vera slapp med artikkelinnhaldet! Olve 8. mai 2005 kl. 1921 (UTC)
«Artikkelinnhaldet» det er snakk om er jo berre lister som (ideelt sett) er identiske med dei tilsvarande kategoriane. Om me sløyfar listene og viser til kategoriane i staden, får me lister med betre kvalitet for mindre arbeid. Eg ser ikkje heilt fordelen med å ha lister i sjølve artikkelteksten, dersom det då ikkje er lister med meir informasjon enn berre reine lenkjer (t.d. Verdas land etter folketal). --GauteHK 8. mai 2005 kl. 1944 (UTC)
Dét er eg sjølvsagt heilt einig i. Men eg trur vi bør gjera listene meir innhaldsrike (meir geografisk inndeling, kortfatta historie og/eller statistikk o.a.) heller enn å fjerne innhald frå artiklane. -- Olve 8. mai 2005 kl. 1959 (UTC)

I alle tilfelle bør i alle fall listene stå fram til alle lenkjene er blitt blåe. Når kategorien og lista verkeleg er identiske kan me ta opp diskusjonen igjen, men nå er det viktig å kunna sjå kva som manglar. -- Ranveig 8. mai 2005 kl. 2058 (UTC)

Ufullstendig definisjon[endre wikiteksten]

Denne geografisentrert definisjonen av landskap i artikkelen her passar ikkje med all norsk språktradisjon. Nynorskordboka sin definisjon derimot passar: avgrensa område som med omsyn til natur, planteliv o l utgjer ein einskap. Landskap vert òg bruka i overført tyding t.d. politisk landskap. (Kjelde: Eksempla i Norsk Ordbok ) Fjerde punktet i ordlista, landskap i tydinga geografisk område eller administrativt politisk område, har sterkare tradisjon i nabolanda Sverige og Danmark enn i Noreg. Landsskap er noko ein opplever og sansar, konkret og i overført tyding, ikkje noko ein definerer politisk, meiner eg. Roarjo 09:31, 14 januar 2007 (CET)