Diskusjon:Lars Berg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne personen var kjent som Lars Berg. Det er ikkje å vente at folk kjenner mellomnamna hans, for han brukte dei ikkje. Difor burde artikkelen liggje på «Forfattaren Lars Berg». --46.15.84.8 2. desember 2013 kl. 01:52 (CET)[svar]

Eg er samd i at vi bør bruke det mest brukte namnet i overskrifta - men eg synst det er ei dårleg løysing å starte overskrifta med yrkestittelen forfattaren. Alternativ kan vere å flytte fleirtydingssida til Lars Berg (fleirtyding), slik at Lars-Berg-sida blir ledig, eller, kanskje betre, å flytte til Lars Berg (1901-1969). --Knut (diskusjon) 2. desember 2013 kl. 07:14 (CET).[svar]
Det er slik fleirtyding plar gjerast her; Innsjøen Bjørkelangen, Springaren Jarand Skinnarland, Politikaren Frank Olsen, Fotballspelaren Bente Fjell, fyrst kva det er og so namnet. Leveårstalstillegg var noko dei dreiv med i papirleksikon. Der kjem alle Lars Berg-ar lista etter kvarandre, på same sida om ein er heldig, og ein kan lett skumme gjennom oppføringane for å finne den ein er interessert i. Her er det ansleis, og eg, og andre som ikkje kjenner emnet ovgodt frå før, veit like lite at Lars Berg var fødd i 1901 og døydde i 1969 som at han heitte Kornelius og Edvard i tillegg til Lars og Berg, og i kva rekkjefølgje Lars, Kornelius og Edvard skal stå. Det er mykje større sjanse for at me som søkjer etter artikkelen veit at han er/var forfattar. Artikkelnamnet vert også brukt på ein annan måte her enn i parpirleksikon. Ikkje berre skal dei som jaktar på informasjon om Lars Berg finne artikkelen, det skal også dei som lenkjer til han, altså dei som skriv og redigerer artiklar om tilskytande emne. Og då er det er eit eins, førutseieleg opplegg for fleirtyding viktig. Det gjer ting mykje enklare og aukar sjansen for at det vert lenka til rette artikkelen. --46.15.253.103 2. desember 2013 kl. 09:37 (CET)[svar]
Nett no har me berre ein artikkel om nokon Lars Berg, og det er denne. I tillegg har me ei fleirtydingsside med to raude lenkjer + ei blå som viser til denne. Eg stemmer difor for å leggja denne artikkelen inn på Lars Berg - og ikkje noko meir, og så slettar me fleirtydingssida og legg inn ein sjå også-mal øvst i denne artikkelen. Prinsipielt er eg likevel einig med den anonyme her. HallvardLid (diskusjon) 2. desember 2013 kl. 18:32 (CET)[svar]