Diskusjon:Lazzaro Spallanzani

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Liv kan ikkje oppstå spontant» er ein setning som etter det eg er i stand til å sjå ikkje let seg prova; ergo kan ikkje Spallanzani ha ført prov for dette. Spontanitet tilseier at noko skjer utan ytre stimuli, og er såleis umogleg å visa både eksperimentielt og gjennom observasjonar - skal det vera mogleg å få til rein spontanitet må ein attende til før universet starta; alt er djupast sett stimulert på eit eller anna vis anten det er fysisk eller kjemisk i nær eller fjern fortid.

Viss ein med «spontant liv» meiner at livet oppstår utan at noko anna liv er innblanda, er heller ikkje dette i nærleiken av å vera motprova. Tvert imot er dei fleste forskarar samde om at livet oppsto av fysiske og kjemiske prosessar, såkalla «abiogenese» - liv av ikkje-liv. Om det hadde eksistert eintydig prov for at dette var umogleg hadde dei openberrt ikkje meint dette.

Nei, denne artikkelen meiner sjølvsagt det som på engelsk vert kalla «spontaneous generation»; ei utbreidd tru på Spallanzanis tid om at avanserte skapnadar som til dømes rottar og fluger oppsto av seg sjølv berre dei hadde dei rette tilhøva - mus dukka opp frå inkje i kornlager og makkar i kjøt. Dette er sjølvsagt fjas frå ende til annan, og det var dette Spallanzani fekk vist.

Hovudgrunnen til at eg ikkje har skrive dette inn i artikkelen er at det er vanskeleg å finna gode norske ord for «spontaneous generation» som skil det tydeleg frå «abiogenese». Har nokon nokon gode idear?--Gunnar 21:25, 16 april 2008 (CEST)