Diskusjon:Leikong

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leikong er ei bygd, medan Tjørvåg er ein tettstad, noko som ikkje rimar heilt her~. Dei to burde vere i samme kategori. Svein 21:53, 25 juli 2007 (CEST)

Me kan leggje Tjørvåg også i kategorien bygder i Møre og Romsdal (i tillegg til kategorien tettstader i Møre og Romsdal).
Det var eg som endra det frå tettstad til bygd når det gjaldt Leikong. Tjørvåg er tettstad i fylgje SSB, det er ikkje Leikong, kanskje fordi folk ikkje bur tett nok på Leikong? Ein tettstad er ein plass der mange nok bur tett nok.
(Kulturministeren har sagt at det er så stygt i norske tettstader at ho får trong til å presse gasspedalen i golvet når ho køyerer gjennom dei, slik at ho får kome seg gjennom dei fortast råd og ut i naturen att, så det er gjerne ikkje så mykje å trakte etter eigentleg, det å vere tettstad. (Både Asker, med over 50 000 innbyggjarar i kommunen, og Bærum, med over 100 000, likar å kalle seg bygd.) --Jorunn 01:17, 26 juli 2007 (CEST)
OK, greit nok for meg å kalle Leikong ei bygd. Og er enig i at det ikkje er noko særleg å trakte etter å bli kalla tettstad. Svein 18:31, 26 juli 2007 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 23:56 (CEST)[svar]

[daud lenkje]