Diskusjon:Lene Egeli

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er mange fine fruentrimre i Noregs land, men det er neppe turvande at alle har ein artikkel i eit leksikon. Ein ser likevel kven som er fine når ein møter dei. --Sigmundg 17:31, 25 mai 2008 (CEST)

Dette timmeret her blei ifølge no:Lene Egeli Frøken Norge i år, det gjev eit noko sterkare grunnlag for å få artikkel -- men eg veit ikkje om det er godt nok. --Ranveig 18:26, 25 mai 2008 (CEST)
Eg fjerna ein del opplysningar av det private slaget, som eg ikkje synest høyrer heime i eit leksikon. -Knut 18:40, 25 mai 2008 (CEST)
Det gjorde du rett i -- eg sletta den opphavlege artikkelen for å få familieopplysingane heilt vekk, så får det berre vera at Knut står som den som oppretta artikkelen. --Ranveig 19:05, 25 mai 2008 (CEST)
Uff, då. Vi får håpe det ikkje vert framsideartikkel av denne. - Knut 20:22, 25 mai 2008 (CEST)
For å kåra «Miss Universe» ville det vera naudsynt å ha med kandidatar frå alle galaksane i universet, der det finst oppsittarar. Eg trur grunnen til at dei ikkje kallar dei inn er at dommarane er glupe nok til å skøna at avstandane er så store at dei ville verta gamle før dei kom fram til Tellus. Og sidan Tellusbuarane kunne plukka ut ferske kandidatar ville dei likevel vinna. Vi er heldige vi som bur midt i universet! Audmjukheit er ein dyd!
Artikkelen var mykje betre no, men eg saknar opplysningar om ho kan laga blandaball og ysta sønnost. --Sigmundg 19:55, 25 mai 2008 (CEST)