Diskusjon:Måleomformar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her bør det skiljast betre mellom analoge signal ( 4-20 mA straum-signal) og digitale sekvensar (Dei fleste måleomformarar som vert brukte i dag, er små datamaskinar)--Sigmundg 01:21, 5 desember 2006 (CET)

Ja, du har eit poeng... Har du ein idé til ei betre formulering/ utdjuping? --Tannkrem 01:37, 5 desember 2006 (CET)
Kan me laga ein definitorisk grenseoppgang mellom dette og transdusar? --Ekko 05:28, 5 desember 2006 (CET)
Ein måleomformar formar om eit signal. Ein transdusar formar om energi. Er det uklårt når ein les artiklane? --Tannkrem 12:24, 5 desember 2006 (CET)
Ja, det er uklårt. Signalet er vel ein form for energi? Ein transdusar eg nyttar rett ofte er ein trykktransdusar i eit oppsett for blodtrykksmåling inne i ei pulsåre. Blodtrykket blir omforma til eit elektrisk signal og eg får opp ein fin kurve med tilhøyrande tal på skjermen. Ut i frå artikkelen høyrest det ut som om dette òg kunne kallast ein måleomformar. --Ekko 13:03, 5 desember 2006 (CET)
Får instrumentet ditt tilført energi frå ein annan stad enn blodtrykket? Truleg får det det (straumen i det elektriske signalet ditt vert ikkje generert i instrumentet, men kjem frå Hafslund eller noko slikt), og i så fall er det ein måleomformar der. Ein transduser har, iallfall slik det ser ut frå artikkelen transdusar, berre ei energikjelda, og det er den energien han skal "transdusera" om til ein annan type energi. Ein transduser kan sikkert få tilført t.d. straum utanom, men då er det for eit anna instrument enn sjølve transdusaren, som til dømes nett ein måleomformar. Eit måleelement er vel eigentleg ein transdusar, så det er truleg ikkje feil å seia at instrumentet ditt iallfall inneheld ein transdusar. Signalet måleomformaren mottek kjem frå eit måleelement, og dei kan gjerne vera bygd saman i eitt måleinstrument.
Eg kan ta feil når det gjeld definisjonen av ein transdusar, for eg har knapt høyrt ordet før, men eg har no gått ut frå at definisjonen i artikkelen er rett. --Tannkrem 13:22, 5 desember 2006 (CET)
Dette var ei fin oppklaring Colgate! Truleg er det som du seier, at transdusar og måleelement er det same (i alle fall som oftast). Og at det sit ein måleomformar i "boksen på veggen" og m.a. gjer det analoge signalet frå blodtrykks-transdusaren digitalt etter å ha forsterka det. Me burde truleg hatt ein litt vidtfamnande artikkel om måleteknikk. --Ekko 13:37, 5 desember 2006 (CET)
No ser eg forresten at Bokmålsordboka definerar ein transduser m.a. slik: apparat der karakteristiske trekk ved innkommende bølger kan avleses av de utgående. Det er ein litt annan definisjon enn den som står i artikkelen din. Ordet transdusar står ikkje i "vår" ordbok. Men det bør likevel ha eit oppslagsord (trur forresten kanskje transduser er rettare enn transdusar.). Men kanskje det bør definerast litt betre, slik at ein ser at det dreiar seg om (minst) to ting: energiomdanning (generatorar, solceller, glødelampar osb) og energioverføring (måleelement, platespelarstiften og andre typar sensorar). da: har ein litt meir utfyllande artikkel.
Ein god, utfyllande artikkel om måleteknikk burde me absolutt ha. en: har ein grei artikkel om det emnet, men mange dårlege artiklar om tilslekta emne (en:Instrumentation, en:Measuring instrument osb.), så der kan me verta ein føregongswikipedia. --Tannkrem 13:45, 5 desember 2006 (CET)