Diskusjon:Magnus Erlendsson

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein eller to artiklar?[endre wikiteksten]

Er ikkje dette same person som Magnus Orknøyjarl? Eg forstår ikkje heilt kvifor me treng to artiklar. --Ranveig (diskusjon) 30. desember 2016 kl. 10:07 (CET)[svar]

Det er same personen og «Magnus Orknøyjarl» bør kunne slettast - ev kan det leggast inn ei omdirigering? På grunn av namnestrukturen for dei andre orknøyjarlane, ville eg helst behalde artikkelen under namnet «Magnus Erlendsson». Minuth (diskusjon) 30. desember 2016 kl. 12:58 (CET)[svar]

Det er sjølvsagt mogeleg at eg har gjort ein feil i valg av namnestruktur for orknøyjarlane, og at dei burde bli gitt nye namn, der ein kunne legge på tittelen "jarl" eller "orknøyjarl" bak namnet. (Eg har òg planer som å legge til dei resterande 7-8 jarlane). Har du eit synspunkt på dette? Minuth (diskusjon) 30. desember 2016 kl. 13:08 (CET)[svar]

Greitt, då har eg omdirigert frå Magnus Orknøyjarl og endra lenkja på Wikidata. Den omdrigerte tittelen ligg framleis i eit par kategoriar, noko som av og til kan vera nyttig. Eg har ikkje sterke synspunkt om namn, men me kan kanskje vurdera å bruka tillegg om fleire personar har same namnet - og ikkje ellers. --Ranveig (diskusjon) 30. desember 2016 kl. 14:15 (CET)[svar]

Det er i alle fall viktig at ein ikkje opprettar nye artiklar om eit emne når det alt finst ein frå før; då vert det mellom anna berre kluss med historikken. Om ein meiner at artikkelen som alt finst ligg på feil stad, kan ein flytta han før ein skriv han om eller byter han ut med sin eigen (lengre og/eller betre) versjon. --Njardarlogar (ordskifte) 30. desember 2016 kl. 16:22 (CET)[svar]