Diskusjon:Margrete Valdemarsdotter

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dersom alle artiklar om kongelege skal ha tittel på forma NAMN av LAND, skal då artikkelen om Margrete flyttast til Margrete I av Danmark, Noreg og Sverige? Eller til dømes Margrete I av Norden? --Gunnernett 5. apr 2005 kl. 0831 (UTC)

I dette spesielle fallet trur eg (utan nokon som helst vetorett, sjølvsagt) det blir rettast å ha artikkelen rett og slett på namnet Margrete Valdemarsdotter. Eg er elles litt i tvil om kor rett det blir å ha ei slik heilmodernisert rettskriving av namnet hennar. -- Olve 24. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
Hm. Dette (Dronning Margrete Valdemarsdotter) var ein rar artikkeltittel. Kan ikkje sjå kor lenge han har heitt det, men det er då i strid med all praksis for kongelege. Eg flyttar han til Margrete Valdemarsdotter.--Barend 01:45, 18 oktober 2007 (CEST)
No tabba eg meg litt med den flyttinga, men eg trur det gjekk bra til slutt. Eg flytta diskusjonssida først. Uff då.--Barend 01:48, 18 oktober 2007 (CEST)
Når det gjeld heilmodernisering trur eg det er det beste. Elles vert det svært, svært vanskeleg å velja mellom dei mange moglege umoderniserte formene.--Barend 01:46, 18 oktober 2007 (CEST)
Der trur eg Barend har eit godt poeng. - Knut 07:23, 18 oktober 2007 (CEST)