Diskusjon:Matrikkelgardar i Herøy i Møre og Romsdal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vidare arbeid[endre wikiteksten]

Eg trur at lista over gardane er komplett, men kjelda over viser at fleire av gardane har undergardar (sannsynlegvis bruk) som har eigne namn (eg kjenner att fleire frå lokale etternamn). Det er mogleg at desse bør inn i denne lista ettersom nokon som leiter etter desse kanskje ventar å finne dei på ei liste over gardar. Dersom så er tilfelle, må ein sjå på om ein bør gå frå tabell til lister med underpunkt. Elles er her minst 5 gardar med samme namn som andre stadar i landet (3 kommuner og 2 tettstadar). Det bør opprettast fleirtydingssider for desse slik at ein lettare kan finne fram til gardane og ikkje berre dei større stadane. Fleire av desse gardsnamna er også mykje brukte etternamn. -- Larsivi 23. mar 2005 kl. 0812 (UTC)

Sjå òg Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt_Norske_fylke_og_kommunar#Omdirigeringar for diskusjon om fleirtydingssider. Larsivi, eg føreslår du startar eit aldri så lite Wikipedia:Wikiprosjekt Gardar i Herøy eller noko i den duren. Eller kanskje eit meir overordna prosjekt Wikipedia:Wikiprosjekt Gardar som kan leggja fram retningsliner for koss ein skal skriva om norske gardar generelt? Sjå Wikipedia:Wikiprosjekt om koss ein startar nye prosjekt :) Bjarte 23. mar 2005 kl. 0826 (UTC)
Har vore inne på tanken, men veit ikkje om eg har kapasitet til det. -- Larsivi 23. mar 2005 kl. 0842 (UTC)
Lat det vera enn så lenge :) Berre gjer det du har tid og lyst til, det er uansett verdifullt! Bjarte 23. mar 2005 kl. 0904 (UTC)