Diskusjon:Nøstvik kyrkje

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det rett når eg trur Nøstvik kyrkje og Velfjord kyrkje er same kyrkja? Kva er i såfall det offisielle namnet? Skal Velfjord kyrkje omdirigerast til Nøstvik kyrkje? Eller artikkelen flyttast til Velfjord kyrkje?

  1. På yr.no står det at namnet Velfjord vart godkjend for kyrkja av Bispedømmerådet i 1985
  2. I lista Kyrkjer i Noreg etter kommune#Nordland står det Velfjord kyrkje, men ikkje noko om Nøstvik kyrkje (eg har eit generelt inntrykk av at lista er rett (eller var det iallefall då ho vart skriven), sjølv om ho ikkje er komplett når det gjeld kapell). Men det er mogleg at lista ikkje er rett når soknekyrkja heiter noko anna enn soknet heiter/heitte?
  3. Ein får treff på Norgesglasset på ei kyrkje når ein søkjer på Velfjord i Brønnøy kommune, men ikkje på Nøstvik (eller Naustvik) 65°24′19″N 12°31′8″E / 65.40528°N 12.51889°E / 65.40528; 12.51889, men på Norgesglasset har eg det inntrykket at kyrkja står med namnet på soknet heller enn namnet på kyrkja når det ikkje er samanfallande.
  4. I artikkelen på nb heiter det litt rørete: «Nøstvik kirke kommune (Velfjord) er en korskirke fra 1674 i Brønnøy kommune, Nordland fylke.»
  5. Det er noko som heiter Velfjord og Tosen sokn i Brønnøy.
  6. Soknet verkar tidlegare å ha heitt verre Velfjord sokn Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og kyrkjesokon
  7. Kulturminnefondet kallar kyrkja for Naustvik kirke...

--Jorunn 2. januar 2009 kl. 23:33 (CET)[svar]

Observant. Bjarne Brøndbo hadde dessutan konsert i begge kyrkjene 27.3.2001 [1], og begge kyrkjene ligg i Hommelstø [2]. Vi får tru det er same kyrkja, men kva som er rette namnet, finn vi ikkje svar på i Helgeland Arbeiderblad. -Knut 2. januar 2009 kl. 23:51 (CET)[svar]
Eg sende spørsmål på e-post til adressa som står på www.kyrkja.no, så får me sjå om eg får svar. --Jorunn 3. januar 2009 kl. 02:02 (CET)[svar]
Svar: «Det heter egentlig Nøstvik kirke, men begge navn blir brukt.» --Jorunn 8. januar 2009 kl. 11:11 (CET)[svar]