Diskusjon:Nasjon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ustøda i omgrepsbruk i høve til nasjon og etnisitet må dryftast på ein betre måte enn dette, tykkjer eg. Det er ikkje tala om berre ei forvirring ved at omgrep vert nytta om kvartanna; dette stikk djupare og grunnar seg på ulike definisjonar av ordet/ovringa nasjon. Ordet nasjon tyder ikkje det same, når ulike folk nyttar det. Denne artikkelen ser ut til å byggja på den tyske romantiske etnos-idéen om at etniske språkfelleskap (den tyske nasjon er wo die Deutsche Zunge klingt), medan den franske demos-idéen, handlar om at alle som bur i eit land, dei som i fellesskap er undersåttane til kongen, utgjer nasjonen, kjem lite fram. Eg kunne kanskje skrive om dei fyrste avsnitta sjølv, men har eg hug og dug og tid og trått til sliktnoko? Nei, se det er eit anna spørsmål. --Berre ei sleggje 28. okt. 2005 kl. 11:50 (UTC)

Dette er ein svært viktig kritikk. Artikkelen er slik han føreligg meir eigna til å forvirra enn klara opp i saka. Vi snakkar t.d. i dag om etnisk norske og norske. I det første tilfellet meiner vi nordmenn som etnisk gruppe, altså nordmenn som opplever at dei høyrer til eit fellesskap ut frå felles opphav, historie, språk m.m. Innvandrarar av første og kanskje andre generasjon vil ikkje rekna seg som etnisk norske. Med norske meiner vi norske statsborgarar, anten dei er etnisk norske eller ikkje. Desse deltar i vår nasjonale fellesskap gjennom like plikter og rettar, skule, militæret, politiske institusjonar, kulturliv og nasjonale ritar som 17. mai-feiring osv. Dei er med og byggjer og utviklar vår moderne nasjonale fellesskap. Obama har forstått dette når han seier this nation og refererer til alle amerikanske statsborgarar, uavhengig av språk, religion, bakgrunn osv. Dette er då den amerikanske versjonen av nasjon, som altså går ut på å byggja ein fellesskap av frie og likestilte borgarar av staten. Her stod også Henrik Wergeland. Den tyske tradisjonen hadde lenge ei liberal og demokratisk innretting. Men seinare gjekk den over i blot und boden og den historia vi kjenner. Hitler meinte elles at Frankrike ville enda opp som ein mulattstat med det likheitsprinsippet dei praktiserte andsynes folket i koloniane. Med andre ord er det viktig å skilja mellom dei to ulike tradisjonane i tolkinga av nasjon som er omtala i innlegget over.--Josros 6. mars 2010 kl. 17:56 (CET)[svar]
Ut frå det eg lærar av denne kritikken, har kanskje dugnadslaget som har skrive artikkelen, forsøkt å sameine dei to tradisjonane til éin. Det er nok meir konstruktivt å gjere greie for ulike tradisjonar. Jf også artikkelen nasjonsbygging. Begge kunne trenge å skrivast om. Og for begge gjeld at ein bør byggje på autorative kjelder, elles får skrivinga fort karakter av synsing. Nasjon er ein viktig artikkel! --Knut 6. mars 2010 kl. 19:06 (CET)[svar]