Diskusjon:Nettmagasinet Folkepressen.no

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Notabilitet[endre wikiteksten]

Eg kan ikkje sjå at Folkepressen har noko vidt omdøme. Det er ein temmeleg fersk nettstad som har lita eller inga omtale i andre nettaviser. Sida ser ut til å publisera vilkårlege nyhender, ein god del agurknytt, og har trekk som minnar om den stadig aukande trenden av nettsider som lagar nyhender som som er meint for å delast i sosiale medier. Eg stemmar for at denne slettast, på grunnlag av manglande leksikalsk verdi. — Gaute snakk - epost - signér 6. februar 2015 kl. 00:01 (CET)[svar]

Eg synest nettstaden ser grei ut i seg sjølv. Det trekkjer opp at han ikkje er privat, men vert eigd av eit aksjeselskap (riktignok eit selskap som har til hovudformål å få unge ut i jobb, men likevel). At nettstaden har til mål å dela sakene sine via sosiale medium, er ikkje noko argument for om han skal ha ein wikipedia-artikkel eller ikkje. Artikkelen har grei språkføring og det er positivt med bevisste norskspråklege nettaviser. Eg stemmer for å behalda, men teksten må gjerast mindre reklameaktig enn slik han framstår no. HallvardLid (diskusjon) 8. februar 2015 kl. 16:59 (CET)[svar]
Godt argument, eg er einig. --Ranveig (diskusjon) 8. februar 2015 kl. 17:43 (CET)[svar]
Her er jeg nok tilbøyelig til å være enig med Gaute. Dette er helt nytt og ikke noe som tilsier at det er relevant for et leksikon nå, kanskje på et senere tidspunkt. Artikkelen ble også opprettet på bokmål og slettet 15. februar etter slettediskusjon. --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 27. februar 2015 kl. 12:05 (CET)[svar]