Diskusjon:Nikola Gruevski

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er vel og bra med malen som automatisk lagar fødselsdatokategoriar. Men eg meiner informasjonen om fødestad høyrer naturleg heime heilt i starten på artikkelen. Og, som ein ser her, vert denne informasjonen no fordriven frå åpningssetninga. Er det universell einigheit blant alle andre enn meg om at dette er riktig? --Barend 17:58, 18 desember 2006 (CET)

Eg synest det blir litt vel mykje informasjon om me skal ha med fødedato, fødestad, evt. det same for når dei døydde og namn med ulike skrifter og skrivemåtar før me fortel kva personen me skriv om er kjend for. Er det ikkje like greitt å fortelja om fødestaden i opningssetningen der det passar (i dette tilfellet syntest eg ikkje det passa å legga det til opningssetningen som var der), eller heilt i byrjinga av livssoga? («Nikola Gruevski vart fødd i ...»)--Ranveig 19:47, 18 desember 2006 (CET)