Diskusjon:Nokre vener slæst

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Burde ikkje ei tålmodig sjel lage dei 23 omdirigeringane?--Ekko 11. juni 2006 kl. 21:23 (UTC)

En litt mindre tålmodig sjel kunne i hvert fall lage en liste over de 24 skrivemåtene; jeg har ikke kjennskap nok til rettskrivingsreglene til å kunne utforme den. Jeg antar at det er slik at hvis man bruker én type klammeform ett sted, så må man bruke tilsvarende klammeform et annet sted? I utgangspunktet skulle man jo tro at man kunne skrive setningen på 48 forskjellige måter (3×4×4). Zerblatt 11. juni 2006 kl. 21:35 (UTC)
Eg kan ikkje skjøne at nokon er synonymt med nokre. Desse har to ulike tydingar, og er ikkje to ulike skrivemåtar av same ordet/forma. Nokon i fleirtal er ei ukjend mengd ("Er det nokon som kjem?"), nokre brukar vi når vi veit det er meir enn ein, og det veit ein vel i dette dømet. Elles er eg samd i poenget, at valfridomen er vel stor. Men han er stor i bokmål òg, berre så det er sagt...--Erling 12. juni 2006 kl. 06:53 (UTC)
Eit eksempel på valfridom i bokmål: Jenta har dotte og kasta opp på nynorsk kan på bokmål heite: Jenta har dettet og kasta opp, jenten har dettet og kasta opp, jenta har dettet og kastet opp, jenten har dettet og kastet opp, piken har dettet og kasta opp, piken har dettet og kastet opp, pika har dettet og kasta opp, pika har dettet og kastet opp, pika har falt og kasta opp, pika har falt og kastet opp, piken har falt og kasta opp, piken har falt og kastet opp, osv....--Erling 12. juni 2006 kl. 07:34 (UTC)
«Nokon» som generell fleirtalsform er faktisk tillate på nynorsk.[1] :-) Personleg likar eg no best å skilje mellom nokre og nokon slik som Erling viser at ein kan (og bør?). -- Olve 12. juni 2006 kl. 08:23 (UTC)

I talen slik han er gjengjeven på sida til Dag og Tid seier Olaug Nilssen 36 måtar, men i gjengjevinga på sida hennar står det 24, og det gjer det også i intervjuet i Dagbladet. Viss «nokon» brukt slik er greit vert det 48:

  1. Nokre vener slæst.
  2. Nokre venar slæst.
  3. Nokre venner slæst.
  4. Nokre vennar slæst.
  5. Nokre vener slåst.
  6. Nokre venar slåst.
  7. Nokre venner slåst.
  8. Nokre vennar slåst.
  9. Nokre vener slæss.
  10. Nokre venar slæss.
  11. Nokre venner slæss.
  12. Nokre vennar slæss.
  13. Nokre vener slåss.
  14. Nokre venar slåss.
  15. Nokre venner slåss.
  16. Nokre vennar slåss.
  17. Noen vener slæst.
  18. Noen venar slæst.
  19. Noen venner slæst.
  20. Noen vennar slæst.
  21. Noen vener slåst.
  22. Noen venar slåst.
  23. Noen venner slåst.
  24. Noen vennar slåst.
  25. Noen vener slæss.
  26. Noen venar slæss.
  27. Noen venner slæss.
  28. Noen vennar slæss.
  29. Noen vener slåss.
  30. Noen venar slåss.
  31. Noen venner slåss.
  32. Noen vennar slåss.
  33. Nokon vener slæst.
  34. Nokon venar slæst.
  35. Nokon venner slæst.
  36. Nokon vennar slæst.
  37. Nokon vener slåst.
  38. Nokon venar slåst.
  39. Nokon venner slåst.
  40. Nokon vennar slåst.
  41. Nokon vener slæss.
  42. Nokon venar slæss.
  43. Nokon venner slæss.
  44. Nokon vennar slæss.
  45. Nokon vener slåss.
  46. Nokon venar slåss.
  47. Nokon venner slåss.
  48. Nokon vennar slåss.

I talemålet mitt har eg ikkje noko skilje mellom «nokre» og «nokon», det heiter «noken». Likevel høyrer eg ein forskjel mellom «nokre» og «nokon», og eg ville ikkje brukt «nokon» i denne setninga.

(I Nynorskordbokoppføringa kan det sjå ut som om nokre skal vere fleire enn to («nokre pærer dvs minst tre»), for meg kan det vere to og oppover, men viss ordboka har rett i at det er meir enn to er det også eit døme på at nynorsk kan vere meir presis på liten plass, då ber «nokre vener slæst» meir informasjon enn «noen venner slåss».)

--85.165.17.178 12. juni 2006 kl. 09:43 (UTC)


Ein ting er den formelle valfridomen i nynorsk og bokmål, som er svært stor. Ein annan ting er den reelle bruken av formene.
For det første: Dei valfrie formene både i nynorsk og bokmål vil i praksis "gruppere seg" i stor grad, som Zerblatt òg er inne på, slik at berre nokre få av kombinasjonane ovanfor er reelle. For det andre: Det viser seg at dei grupperte formene vi kan kalle "radikalt bokmål" mesta ikkje blir bruka meir. Bokmålet har, trass i stor formell valfridom, i praksis samla seg om det vi kan kalle moderat konservativt bokmål. Grunnen er blant anna dominansen av denne typen bokmål hos store private språkprodusentar.
I nynorsk er det kanskje større reell variasjon, det vil seie at valfridomen i større grad er i bruk. Men også i nynorsken vil dei fleste brukarane liggja på noko vi kan kalle "midtlina", det vil seie innanfor læreboknormalen med få unnatak. Dei vanlegaste sideformene i bruk i nynorsk er svake bøyingar av sterke verb som kan ha éi staving i grunnform, av typen ta-tar-tatt i staden for ta(ke)-tek-teke, og kløyvd infinitiv. Ei opprydding i lite bruka valfrie former ville truleg ikkje ha særleg mykje å seie for den praktiske nynorskbruken. --Erling 12. juni 2006 kl. 12:38 (UTC)
Jau, livet til samnorskingen er eit liv i einsemd... --Ekko 12. juni 2006 kl. 17:42 (UTC)


Kvifor heiter det at talet på ulike skrivemåtar er 24, når det faktisk er 48? Det er då ingenting formelt i rettskrivingsreglane som krev at visse former ikkje skal kombinerast.