Diskusjon:Nordmannen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
  • Tittelen: Artikkelen burde vel flyttast til Nordmannen eller diktet Nordmannen sidan dette er den rette tittelen? Og dersom ein heller skal ha det under dei første orda burde det kanskje stå under Mellom bakkar og berg?
  • Dei sosiale versa: Eg skulle til å leggja inn originalteksten slik den er å finna på Aasentunet.no (sjå peikaren eg la inn i artikkelen), men såg der at dei to siste versa som Erling la inn ikkje er med på Aasentunet.no. Kva utgåve kjem så dei to siste versa frå? Aasentunet listar opp 3 utgåver av Symra og den siste som dei har lagt ut har berre 5 vers. Kva som er bakgrunnen for at vers 6 og 7 ikkje er med/er med hadde det vore fint å få litt info om.
  • Sjølv har eg eit førarkort frå 2001 der dei to første versa er gravert på baksida nede til høgre, er det framleis slik? Har det vore slik på dei gamle førarkorta også (eg har eit "EØS-kompatibelt" førarkort). --Guttorm 28. august 2005 kl. 18:32 (UTC)


Eit av punkta i Skrifter av Ivar Aasen hjå Aasentunet er dette:
1867, «Nordmannen», i: I Studentersamfundet 17de Mai 1867. Christiania. — Med 8 vers. --Jorunn 28. august 2005 kl. 21:14 (UTC)
Sjå under Merknadar i fyrste bandet av Skrifter i samling her:
http://www.prodat.no/loopSites/aasentunet/files/SAMLING1.pdf --Jorunn 28. august 2005 kl. 21:35 (UTC)


Er det nokon som veit korfor Aasen varierte mellom "heve" som i denne utgåva av Nordmannen og "hever" i ymse andre tekstar, når det gjeld presensforma av å ha(va)? Sidan både han og Vinje skreiv "gjerer" og "kjemer" osv, er vel "hever" rettast i tydinga mest konsekvent? --Erling 16. juni 2006 kl. 12:34 (UTC)
So vidt eg veit brukte han "heve" i alle dikt i "Symra", sjølv om han skreiv "gjerer" og "kjemer". Han gjorde det same i mange prosatekstar. Eg trur at han brukte "heve" på 1850-talet og gjekk over til "hever" på 1860-talet. -- Arvind 16. juni 2006 kl. 22:04 (UTC)

Kor mange vers?[endre wikiteksten]

"Ottar Grepstad har halde fram at ein helst skal akte på Aasen sine val av strofar, og halde seg til dei endelege seks som er attgjevne øvst". Endelege fem skal det vel vere? Det er visst i alt 11 ulike strofer frå dei ulike versjonane: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=4372&id=10275 --Oddeivind (diskusjon) 13. mars 2013 kl. 08:32 (CET)[svar]