Diskusjon:Noregs statsbaner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Er det nokon andre grunnar til at oppryddingsmerket er her, anna enn at artikkelteksta var på bokmål? Mal:uomsett var jo alt i artikkelen, så eg skjønar ikkje grunnlaget... Anders 6. desember 2008 kl. 15:58 (CET)

Det er framleis mange bokmålsord i artikkelen mellom alt det nynorske, difor Sigmund la malen inn. --Harald Khan Ճ 6. desember 2008 kl. 16:03 (CET)
Då er det eigentleg malen {{språkvask}} som skal nyttast, men det spelar ikkje så stor rolle. Det er jo så lett å gløyme malar som ikkje nyttast så ofte. Anders 6. desember 2008 kl. 18:53 (CET)

Staving av namnet[endre wikiteksten]

Bør ikkje namnet vera «Noregs statsbanar» på nynorsk? --Sigmundg 6. desember 2008 kl. 16:36 (CET)

Bane kan vera både f2 og m1 på nynorsk; difor er 'baner' like rett som 'banar'. --Harald Khan Ճ 6. desember 2008 kl. 17:45 (CET)