Diskusjon:NorgesPatriotene

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slett (her er slettediskusjonen på nb for tilsvarande artikkel). --Jorunn 17:51, 20 juli 2007 (CEST)

Det at ein artikkel er vurdert sletta på ein wikipedia, er seg sjølv ikkje nokon grunn for å slette artikkelen. Eg seier ikkje nei til sletting, men at det bør gjevast ei grunn for at den skal slettast. Slik eg ser det er dette ei heilt ny og for meg ukjend organisasjon, om eg skal kome med ei grunn sjølv. At artikkelen kjem med påstandar presentert som fakta er heller ikkje bra. --Anders 18:11, 20 juli 2007 (CEST)
Eg kan ikkje sjå ein einaste grunn til at Wikipedia skal reklamera for ukjende nynazistar. Om denne "organisasjonen" vert relevant ein gong, kan me skriva ein artikkel om han. --Tannkrem 20:44, 20 juli 2007 (CEST)
Om ein politisk organisasjon består av høgreekstremistar, venstreekstremistar eller oppegåande menneskjer, har ikkje noko å seie for om me beheldt ein artikkel. Heller ikkje at artikkelen er vurdert sletta på ein annan wiki. Me kan tenkja sjølve, det var det som var poenget. Forøvrig har me artiklar om meir perifere parti som til dømes Ett (skrift)språk. Anders 14. september 2009 kl. 19:11 (CEST)[svar]
Legg merke til at eg skreiv dette innlegget for over to år sidan, medan denne organisasjonen var openbert irrelevant. --Tannkrem 3. oktober 2009 kl. 23:44 (CEST)[svar]
At politiske parti er irrelevante dei åra det ikkje er valår, er i det minste eit argument, om det ikkje er eit godt eit. Anders 4. oktober 2009 kl. 16:30 (CEST)[svar]
Dei var irrelevante fordi dei ikkje var kjende nok til å skulla ha ein eigen artikkel, for to år sidan. Det var grunnen til at eg var for å sletta denne artikkelen, for to år sidan. Og det var det eg argumenterte med og, at dei var «ukjende nynazistar». Du kan fint få meining ut av det eg skriv, utan å leggja andre meiningar inn i det. Det er heilt unødvendig å laga ein karikatur av kva eg seier ved å hengja deg opp i eitt ord i det opphavlege innlegget mitt, og så gnaga vidare på ting som eg ikkje har sagt noko om.
Eg har aldri påstått at dei er irrelevante for eit leksikon fordi dei er høgreekstreme, og det veit du veldig godt.
Om det var val eller ikkje i 2007 hadde ingenting med saka å gjera. 2009-valet er nemleg det einaste valet etter andre verdskrigen der nazistparti har fått lov til å stilla lister i Noreg. Men for ordens skuld, jo, det var faktisk val i Noreg i 2007, då denne organisasjonen var irrelevant og me ville sletta denne artikkelen. --Tannkrem 9. oktober 2009 kl. 12:08 (CEST)[svar]
NP vart raskt kjende i media. At dei i 2007 var ukjende er feil. Diskusjonen på no, som det ovanfor vert vist til, kom til same resultat. Å ha verande eit slettemerke ingen finn argument for er berre tull.
Elles var valet i 07, om du hugsar, eit val av kommunestyre- og fylkesting. Stortingsval er det berre kvart fjerde år. NP hadde kun stortinget som mål. Slik gjekk det jo heldigvis ikkje. Anders 9. oktober 2009 kl. 17:53 (CEST)[svar]