Diskusjon:Norsk ytre språkhistorie

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Våve, kan du la vera å endre fullgode nynorskformer til andre nynorske former, og dersom du meiner det som står om 1938 er heilt feil og vil snu det på hovudet, så bør du ta eit ordskifte om det her på diskusjonssida først. Eg er elles samd i at det som stod om 1938 var lite presist, men det vart ikkje fullgodt no heller, så vi lyt komma fram til eit kompromiss. --Erling 18. juni 2006 kl. 12:25 (UTC)

Det som står om 1938 er no slik: "Nynorsken vart vidtgåande brigd i 1938, med di mange hovudformer vart forbodne, og lite nytta sideformer vart sette til eineformer. Mange målfolk tala om eit målbyte, ikkje berre eit målbrigde. Allvissa skifte dåmen i målet når tidgjengde ord som um og upp vart til om og opp, og i-målet, som fyrr hadde hatt førerangen, vart utvist." Før stod det at 1938 ikkje førte til mykje endring i nynorsken. Poenget er vel at formene kom inn i 1917, men nokre av bytte plass som hovud- og sideformer i 1938? Og er det rett å seie at i-målet vart utvist? Det er da sideform enno? Eg foreslår slik formulering:Dei viktigaste endringane i nynorsken i 1938 var at somme hovudformer vart sideformer og tidlegare sideformer vart hovudformer. Mange målfolk var lite nøgde med det.--Erling 18. juni 2006 kl. 12:45 (UTC)
Våve har ikkje svara på innlegga mine, så eg tek sjansen på å endre det som står om 1938 i sjølve stykket i samsvar med forslaget ovanfor. --Erling 18. juni 2006 kl. 13:33 (UTC)
Heisann. Eg la til nokre ord til det du skreiv, so det vart rettare. I-målet kvarv i '38, men kom att sidan som sideform. Me kom ikkje inn att fyrr en i 1986 eller når det var. So det var ei retteleg utvising av tidlegare rådande former, ja. Vi fær heller skrive meir um detta i eit eige stykke um 1938-rettskrivinga! Orsak um eg tynde nokre av formene dine då eg gjorde fyrre rettinga: eg såg nokre reinspikka bokmålsord, og so tok eine ordet hitt :-) -- Våve 18. juni 2006 kl. 17:49 (UTC)
Eg tykkjer det som står no om 1938 er heilt greitt. Elles er det ikkje slik at det med naudsyn er mine former du har retta - det var ikkje eg som skreiv dette stykket - sjå "historikk". Men Våve, dette er måten vi bør arbeide på. Vi drøftar, og blir samde. Det som står om 1938 her no er rettare og betre enn det nokon gong har vore. Takk for hjelpa, og kom gjerne med mange bidrag i tida som kjem, både innanfor nynorsknormalen og på høgnorsk. --Erling 18. juni 2006 kl. 18:11 (UTC)
Godt jobba, begge to! :-D Olve 18. juni 2006 kl. 18:20 (UTC)