Diskusjon:Norske kommuneslagord

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Som så mange artiklar som er omsett frå bokmål, innheld også denne artikkelen utdaterte eller upresise opplysningar. Det kunne vore eit argument for å slette heile artikkelen, men for augneblinken er han i det minste betre enn artikkelen storesøster presenterer, og om de som les dette sjekkar visjon eller kommunemotto hos dykkar eigne heimkommunar, blir han mykje betre. --Knut (diskusjon) 7. oktober 2019 kl. 09:49 (CEST)[svar]

Eg synest det er ein triveleg artikkel. Men det er sikkert ikkje dumt å dela opp i noverande og tidlegare slagord. --Ranveig (diskusjon) 7. oktober 2019 kl. 10:46 (CEST)[svar]
Det var ein god idé. Når dei nye kommunestyra har konstituert seg, hiv dei seg vel rundt og vedtek nye visjonar og valspråk. --Knut (diskusjon) 7. oktober 2019 kl. 14:31 (CEST)[svar]